Det var satt opp to møter med Lars Petter , et i Bjerkreim  og et i Sandnes

Om lag 30 pelsdyropprettarar møtte Lars Petter i Sandnes. Det var stor frustrasjon med at frakttilskot til pelsdyrfôr vart nulla ut i årets forhandlingar. Det er spesielt pelsproduksjon i distrikta som vil få ein stor auke i fôrprisane. Lars Petter Bartnes forstår frustrasjonen og sa at denne ordninga var med i forhandlingane heilt til slutt frå Bondelaget si side.  Det var ut frå ei totalvurdering av forhandlingsresultat som gjorde at Bondelaget valde å inngå avtale med staten. Utfordringane for pelsdyrnæringa er store i tida framover. Det er viktig at Norges Bondelag er tydelig i  si støtte til denne næringa og bidreg i arbeidet, og at dette vil bli gjort. Leiar i Norges Pelsdyravlslag Bertram Trane Skadsem var ordstyrar på møtet.

På Bjerkreim samfunnshus var det 150 personar som ønska Lars Petter Bartnes velkommen.  Lars Petter orienterte om jordbruksforhandlingane, kva  som vart kravd og kva vart resultatet både i form av pengar, struktur og anna. Tap av frakttilskot på fôr til pelsdyr og ny støtteordning for utsiktsrydding var eit par dårlege element i avtalen. Den største merksemda har omlegging av kvalitetstilskot på lam fått. I avtalen vart det lagt om frå  å ha etterskotsbetaling til  å få utbetaling over slakteoppgjeret. Leiaren beklaga  at  den organisasjonsmessige prosessen før kravet vart reist mot staten skulle ha vore betre. Etter kaffi og godt drøs vart  det opna opp for spørsmål og meiningsutveksling. Det var som venta omlegginga av kvalitetstilskotet som vart hovudtema frå salen. Meiningane var delte, men hovudvekta var at omlegginga ville koste den enkelte produsent for stort tap av tilskot når dei slutta. Andre meinte det var ei rett omlegging og at det var dei som var i næringa og dei som kom inn i næringa som skulle prioriterast.  Årlig løyving til kvalitetstilskot på lam er kr 470 mill. Denne løyvinga går vidare. Meiningsforskjellane var klare, Lars Petter presiserte at avtalen vart underteikna av Norges Bondelag  og det vil ikkje bli tatt initiativ til endringar av inngått avtale.

Lodve Haaland, Betran Trane Skadsem, Ola Andreas Byrkjedal, Arnstein Røyneberg og Lars Petter Bartnes