Her er grunngjevinga for at ekteparet Eikeland får kommunen sin landbrukspris for 2017:

Ole Martin overtok gnr 13 bnr 2 Ritlandsneset i Suldal i 2004. Garden vart kjøpt i fri handel, men seljarane var  opptekne av at eigedommen skulle overtakast av ein som kunne og ville driva. Difor vart ikkje kjøpesummen pressa til det maksimale. Garden hadde trong for store påkostingar.  

Ole Martin har bygd på driftsbygningen og han har renovert bustaden. Han er heiltidsbonde og  driv med mjølk. Det er og eit aktivt skogbruk.

Han er ein dyktig bonde som har fått til eig godt levebrød av det som må kallast ein «normal» suldalsgard. (24 mjølkekyr og 24 ungdyr).   I tillegg til garden er Ole Martin aktiv i lag og organisasjonar. Han har vore med i styret og vore leiar i Suldal Bondelag.

Nå er han med i styret i Rogaland Bondelag.  Han er leiar i Suldal skogeigarlag og aktiv i landbrukssamvirket.   

Han er og styreleiar i Suldalslågen forvaltningslag (Elveeigarlaget). Han har og vore svært  aktiv i speidarrørsla.

Rogaland bondelag gratulerer med prisen.