Landbrukspris i Suldal til Ole Martin og Marit Lovise Eikeland

Av Jorunn Erga Steinsland,
  • Tips en venn om denne siden

Prisen vart delt ut på Suldal kommune si julesamling.
Prisen vart delt ut på Suldal kommune si julesamling.

Suldal kommune gir årets landbrukspris til styremedlem i Rogaland bondelag, Ole Martin Eikeland og kona Marit Lovise Eikeland.

Her er grunngjevinga for at ekteparet Eikeland får kommunen sin landbrukspris for 2017:

Ole Martin overtok gnr 13 bnr 2 Ritlandsneset i Suldal i 2004. Garden vart kjøpt i fri handel, men seljarane var  opptekne av at eigedommen skulle overtakast av ein som kunne og ville driva. Difor vart ikkje kjøpesummen pressa til det maksimale. Garden hadde trong for store påkostingar.  

Ole Martin har bygd på driftsbygningen og han har renovert bustaden. Han er heiltidsbonde og  driv med mjølk. Det er og eit aktivt skogbruk.

Han er ein dyktig bonde som har fått til eig godt levebrød av det som må kallast ein «normal» suldalsgard. (24 mjølkekyr og 24 ungdyr).   I tillegg til garden er Ole Martin aktiv i lag og organisasjonar. Han har vore med i styret og vore leiar i Suldal Bondelag.

Nå er han med i styret i Rogaland Bondelag.  Han er leiar i Suldal skogeigarlag og aktiv i landbrukssamvirket.   

Han er og styreleiar i Suldalslågen forvaltningslag (Elveeigarlaget). Han har og vore svært  aktiv i speidarrørsla.

Rogaland bondelag gratulerer med prisen.

Er du rammet av tørka?

Denne sommerens tørke rammer bønder i hele landet. Norges Bondelag følger situasjonen tett, og det jobbes med å finne gode løsninger sammen med myndighetene og Småbrukarlaget.

Bondens Marked søker flere produsenter

Bondens marked planlegger to nye prøvemarkeder i Stavanger i år, 16. juni og 16. september, og arrangerer produsentkurs 23. mai i Stavanger og 24. mai i Haugesund.

besøk nordland

Besøk av Nordland Bondelag

Fra tirsdag 10.-torsdag 12. april har Rogaland Bondelag hatt besøk av styret og ansatte fra Nordland Bondelag. Dagene har bestått av diverse gårdsbesøk, møte og god drøs med god mat.

Debattmøte om dyrevelferd

Interessen for maten vi spiser og måten den blir produsert på øker. Mattilsynet sin tilsynskampanje i svinenæringa i Rogaland var tema i lokale, regionale og nasjonale media. I samarbeid med Bondevennen inviterte Nationen til debatt om dyrevelferd på Garborghuset på Bryne, onsdag 21. mars.

Våre samarbeidspartnere