Landbruksdebatt med komle på Bryne

Publisert 30.05.2017
  • Tips en venn om denne siden

Landbruksdebatt i Bryne mølle, fredag 26. mai.
Landbruksdebatt i Bryne mølle, fredag 26. mai.

Fredag 26. mai var det duka for jærdagsdebatt og komle på Bryne. Temaet i år var landbruket på Jæren.

Av Kjell Andreas Heskestad

Debattleiar var redaktør i Jærbladet Hilde Garlid. Det store trekkplasteret var mat- og landbruksminister Jon Georg Dale, som dessverre hadde meldt forfall grunna jordbruksoppgjeret. Statssekretær Terje Halleland møtte i staden.

 

- Det går bra med landbruket

Halleland innleia med å fortalja at det går bra i landbruket på trass av at det er hans parti som styrer politikken. Han la vekt på optimisme ogt investeringslyst på Jæren og at det er politikarane som har lagt til rette for dette.

Iselin Nybø frå Venstre kunne fortelja at det var dei som hadde "styrt" landbrukspolitikken til dei blå/blå slik at den vart bra.

Geir Pollestad var uienig med dei to andre og meinte at den blå politikken har opna for meir import av mat slik at den norske bonden ville tapa både markedsandelar og pengar.

 

- Me tek jordvern på alvor

I neste del av debatten kom fleire lokale politikarar på podiet.

Varaordførar i Hå Mons Skrettingland (H), var nøgd med ministeren, men ville ha ein meir moderat landbrukspolitikk enn det Frp står for.

Jonas Skrettingland (KrF), ordførar i Hå, var skeptisk til utviklinga av større bruk. Han ønska seg familiebruket og ikkje ei røys med tilsette på bruka. Han poengterte at Hå kommune tek jordvern på alvor. Kommunen er nominert til fylkesmannen sin jordvernpris.

Time-politikar Lars Enevoldsen (Ap) var opptatt av jordvern. Han ønska seg ein meir styring på det å verna jorda.

Solfrid Leirbrekk SV var opptatt av den auka forskjellen blant bønder og folk flest. Ho vil styrka små og mellomstore bruk.

Det vart dessverre ikkje opna for spørsmål frå tilhøyrarane. I staden vart møtet avslutta med servering av gode komler.

Rundt 50 tilhøyrarar var på plass i Bryne mølle for å få med seg debatten.

Er du rammet av tørka?

Denne sommerens tørke rammer bønder i hele landet. Norges Bondelag følger situasjonen tett, og det jobbes med å finne gode løsninger sammen med myndighetene og Småbrukarlaget.

Bondens Marked søker flere produsenter

Bondens marked planlegger to nye prøvemarkeder i Stavanger i år, 16. juni og 16. september, og arrangerer produsentkurs 23. mai i Stavanger og 24. mai i Haugesund.

besøk nordland

Besøk av Nordland Bondelag

Fra tirsdag 10.-torsdag 12. april har Rogaland Bondelag hatt besøk av styret og ansatte fra Nordland Bondelag. Dagene har bestått av diverse gårdsbesøk, møte og god drøs med god mat.

Debattmøte om dyrevelferd

Interessen for maten vi spiser og måten den blir produsert på øker. Mattilsynet sin tilsynskampanje i svinenæringa i Rogaland var tema i lokale, regionale og nasjonale media. I samarbeid med Bondevennen inviterte Nationen til debatt om dyrevelferd på Garborghuset på Bryne, onsdag 21. mars.

Våre samarbeidspartnere