Sist veke var representantskapet i Norges bondelag samla i Oslo. Representantskapet er alle fylkesleiarane i Norges bondelag, saman med samvirkeorganisasjonane og dei har to møte i året.

Denne gongen var agendaen å utarbeida mandatet til forhandlingsutvalet til jordbruksforhandlingane.

Alle fylkesleiarane hadde innlegg. Her kan du lesa kva Marit Epletveit, leiar i Rogaland bondelag sa frå talarstolen:

«Eg er heilt sikker på at min forgjenger har sagt det før, men kulturbeite er ekstremt viktig for rogalandsbonden. 50 prosent av den jorda vi driftar er beite. I enkelte kommunar er heile 70 prosent kulturbeite. Rogalandsbonden er glad i kulturbeitene sine og steller godt med dei. Med godt stell, rett beitetrykk og god kontroll på ugraset kan vi hauste like mykje her som på middels driven dyrka mark. Men du skal ikkje slurva mange åra før det vert overgrodd. Og det er nettopp det vi er så redde for i Rogaland viss me mister tilskot til å drifta kulturbeita våre, der den einaste måten å nytta ressursa på er gjennom ein drøvtyggar. Eg fryktar for motivasjonen til bøndene på sikt. Motivasjon til å gjødsle for hand, fjerne ugraset, og vedlikehalde steingjerdene som også er ein del av kulturlandskapet på Jæren.

Min barndom var ti gonger enklare. Då var det bånn gass opp med straumgjerde, og beitepussing med traktor når beite var oppspist og kun vrakgraset og ugraset stod att. 

Vi kan ikkje dyrka korn i kulturbeitene. Vi er avhengige av kanaliseringspolitikken og at den virker. I kulturbeita våre kan vi heller ikkje eksprimintere med allslags grønnforvekster for å få fart på mjølkeytelsen. Dermed er kraftfor eit viktig supplement. Eg ønsker meg mest mulig kraftfor produsert på norske råvarer. Vi treng at kornbonden på austlandet tener penger, for hvis han ikkje gjer det og legg om til kjøttproduksjon i stor skala på sine store flotte jorder, ja då seier det seg sjølv at vi vil slita med timelønna i Rogaland og resten av landet.

Vi må jobbe for å produsera mest mulig mat på norske ressurser. Derfor må vi stimulera til produksjon av korn der det er mulig, også i Rogaland. Vi må stimulera slik at kornet har den kvaliteten som husdyrbonden ønsker å bruke i sin produksjon.

Viss målprisen på korn skal hevast, er vi likevel nødt til å bruka midler på nedskriving fordi økonomien i særleg dei kraftforbaserte produksjonene ikkje gir rom for auka kraftforpris.»