Korleis gjekk det etter Synne?

Av Jorunn Erga Steinsland,
  • Tips en venn om denne siden

Oddvar Skjærpe (t.h) fortel  Svein Guldal i Norges bondelag om arbeidet med å få på plass den nye brua i Rusdal.
Oddvar Skjærpe (t.h) fortel Svein Guldal i Norges bondelag om arbeidet med å få på plass den nye brua i Rusdal.

I 2015 åt store vassmasser seg inn mot både byggjefelt og gardar i Lund kommune. Korleis er det med beredskapen nå?

Av Kjell Andreas Heskestad og Jorunn Erga Steinsland

Ein torsdag i november møter eit lite følgje av bondelagsfolk opp på ei bru i Rusdal i Lund. På brua står grunneigarane Oddvar Skjærpe og Anbjørg Rusdal.

Målet for turen er å sjå korleis det har gått med flaumberedskapen i kommunen som vart hardt ramma av flaum under stormen Synne i 2015.

 

Dramatisk

For bøndene i Rusdal vart flaumen dramatisk. I tillegg til at elva gjekk langt over breiddene sine, knakk brua over elva delvis saman. Om lag eitt år seinare stod ny og stødig bru ferdig. Det er også laga forstøttingsmur 100 meter ovanfor den gamle brua, for å hindra at elva grev i sida. Denne har blitt testa under flaumen nå i oktober og tre meter av muren gav etter. Elles i området er det elvemassar som er brukt som forstøttingsmur, noko som fungerte dårleg når elva på ny steig.

- Kven har ansvaret for elvekantane?, undrar grunneigarane, og etterlyste førebyggjande og varige tiltak for å hindra at elva grev ut massar.

Kommunen bygde mur

Turen gjekk også til Eik og Karl Eik og sonen John Arvid Eik, som nå driv garden. Her er det blitt bygd opp ny forstøttingsmur i ein yttersving av elva. Her forsvann fleire dekar dyrka jord.

Etter fleire rundar med ulike aktørar, kom arbeidet i gang. I motsetning til lengre oppe i elva, der grunneigarane sjølv la lausmassar langs elvekanten , styrte kommunen både prosjektet og gjennomføringa her. Hovudforskjellane på Eik og til dømes Rusdal, er at det på Eik ligg eit byggjefelt kloss i elva. Flaumen i 2015 åt seg kraftig inn i fleire hagar her.

- Bør sjå på heile vassdraget under eitt

Synfaringa i Lund enda på rådhuset, der delegasjonen møtte kommunalsjef for plan, næring og miljø, John Skåland. Skåland gjekk gjennom hans og kommunen si rolle etter Synne og fortalde at Lund kommune tok på seg oppgåver dei såg bøndene trengde hjelp til så langt dei kunne.

I Moi sentrum er det også ei eiga flaumsikringsgruppe som arbeider med å sikra at elva ikkje øydelegg noko for fabrikken Nor-Dan.

I drøftingane mellom bondelagsdelegasjonen og kommunalsjefen vart det drøfta at ein bør sjå på heile vassdraget under eitt og at organisering er viktig.

Dette vassdraget ligg under Lister vannområde. Det er sett i gang eit arbeid med å få laks opp i vassdraget og dermed kan fleire aktørar vera interessert i ei samhandling. 

Bondelaget kallar inn til møte

Lund Bondelag vart utfordra til å kalla inn til eit første grunneigarmøte. Målet må vera å få til eit vassdragslag, som kan laga ein enkel plan over kva og kor det er behov for forebyggande tiltak. Ein kan då laga ei prioriteringsliste over tiltak som skal gjerast over tid, og dermed leggja stein på stein og sikra dei utsette delane av elva ned dalen i Hovsherad.

 

Rettleiar om flaumsikring

Lund Bondelag vart også utfordra til å lufta tanken om å arrangera kurset Tryggare saman. Dette er eit kurs der ein ser på kva ein kan forebygga innan forskjellege katastrofesernarier og ha planane klare om dette skulle skje.

Med på synfaringa denne ettermiddagen var Svein Guldal i Norges bondelag. Han er i sluttføringa av ein rettleiar om flaumsikringsarbeid. Denne tek blant anna føre seg kva ein bør gjera etter flaumen og vil innehalda både før- og etterbilete frå Lund.

Svein Guldal og Norges Bondelag fekk i oppgåve utforska kven som har ansvaret for sikringa av elvekantar og tap av dyrka mark.

Guldal informerte også om utfordringane knytta til at det i dag er 11 departement som har noko med flaum og beredskap rund dette. Målet må vera å få flytta heile ansvaret over til eitt departement.

 

Bondens Marked søker flere produsenter

Bondens marked planlegger to nye prøvemarkeder i Stavanger i år, 16. juni og 16. september, og arrangerer produsentkurs 23. mai i Stavanger og 24. mai i Haugesund.

besøk nordland

Besøk av Nordland Bondelag

Fra tirsdag 10.-torsdag 12. april har Rogaland Bondelag hatt besøk av styret og ansatte fra Nordland Bondelag. Dagene har bestått av diverse gårdsbesøk, møte og god drøs med god mat.

Debattmøte om dyrevelferd

Interessen for maten vi spiser og måten den blir produsert på øker. Mattilsynet sin tilsynskampanje i svinenæringa i Rogaland var tema i lokale, regionale og nasjonale media. I samarbeid med Bondevennen inviterte Nationen til debatt om dyrevelferd på Garborghuset på Bryne, onsdag 21. mars.

Usemje om ny gjødselvareforskrift

Landbruksdirektoratet la i sist veke ut forslag på ny forskrift om lagring og bruk av husdyrgjødsel. På viktige punkt for vårt fylke er det usemje mellom Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet.

Norges Bondelag sitt representantskap

Norges Bondelag sitt representantskap er nå samla i Oslo for å legge strategien før årets landbruksforhandlingar. Fylkesleiar Marit Epletveit var først på talarstolen når det blei opna for generell debatt på krava til jordbruksforhandlingane.

Pelsdyr-debatt på Klepp Bibliotek

I samarbeid med Klepp bibliotek og Bondevennen inviterte Nationen til debatt om pelsdyrnæringa. Møtet ble holdt på Klepp Bibliotek i går kveld.

Styretur til Egersund

Styret har kommet kjapt i gang med styrearbeidet etter årsmøtet og har vært på styretur til Egersund. Sveinung Svebestad var med å styrte prosessen. På agendaen stod blant annet fordeling av representanter til ulike utvalg i Rogaland Bondelag. Det ble også tid til en tur på kino i Egersund.

Matjord bør vernes – også på Fagerheim

I Norge er bare 3 prosent totalt egnet til å dyrke mat i. Vi er derfor for bevaring av all matjord i Haugesund, og mot reguleringen av Fagerheim som ramme for utvikling av en ny bydel, skriver Nini Hæggernes fra Miljøpartiet De Grønne Haugesund i dette leserinnlegget.

Våre samarbeidspartnere