Kjekk dag i Naustdal

Publisert 16.04.2018
  • Tips en venn om denne siden

Naustdal Bondelag inviterte 8.klasse ved Naustdal barne- og ungdomsskule på gardsbesøk tysdag 10.april. Sjå bilder frå den vellukka dagen her.

 

Elevane fekk besøkeTuna samdrift i Åsedalen.   

 

8.klassingane ser korleis Atle Kringlen (nestleiar i Naustdal Bondelag) saga ved med mortorsag. 

 

Atle Kringlen høgg ved med øks. Alle elevane fekk også prøve seg, og la veden i sekkar. Det vart cirka 20 sekkar med ved.  

 

Det var også spikarkonkurranse. Vinnarlaget vart premiert med kvar sin bonde-caps. 

 

Oppe på Tunaloftet fekk elevane også steike mjølkekaker, som dei seinare fekk ete.

 

Inne i fjøsen fekk elevane sjå på dyr og lære meir om korleis mjølkeroboten fungerte. 

 

8.klassingane fekk også prøve seg på ein natursti. Vinnarlaget klarte å svare rett på alle spørsmåla, og vart premiert med kvar sin bonde-caps. 

 

 

 

 

 

Open Gard på Facebook

Open Gard på Facebook

Fredag 20.april arrangerte Norges Bondelag Open Gard på Facebook. Bønder frå heile landet delte bilder/videoar frå arbeidskvardagen sin, og her kan du sjå glimt av det som vart sendt inn frå Sogn og Fjordane.

Nye fiskereglar

Nye fiskereglar

Med bakgrunn i den dårlege tilstanden for sjøaure i Sogn og Fjordane har Fylkesmannen vedteke nye reglar for fiske i og utanfor vassdrag med laks og/eller sjøaure i Sogn og Fjordane.

Ta vare på vipa i Sogn og Fjordane

Ta vare på vipa i Sogn og Fjordane

Vipa er ein kjend og kjær fugl som varslar vår og sommar. Diverre er det registrert ein stor tilbakegang for vipene over heile landet. Mange stader så mykje som 80 prosent reduksjon dei siste 15-20 åra. Sogn og Fjordane fylkesavdeling av Norsk Ornitologisk Foreining ønskjer difor å informere om moglege tiltak og å finna ut meir om situasjonen for vipa i vårt fylke.

Forventar inntektsnedgang for Vestlandsbonden

Forventar inntektsnedgang for Vestlandsbonden

Mjølkebonden på Vestlandet kan forvente ein inntektsnedgang på over 10 000 kr per årsverk fra 2017 til 2018. Det viser ferske tal frå Budsjettnemda for jordbruket. – Eit krevjande utgangspunkt for årets jordbruksforhandlingar, meiner fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Anders Felde.

Fullt hus og god stemning på bondekafe

Fullt hus og god stemning på bondekafe

Tysdag 3. april inviterte bondelaga i Flora kommune til både fjøsbesøk og bondekafe på Solheim skule. Denne kvelden var over 60 mennesker samla i Norddalsfjorden, og dei frammøtte fekk både sjå og lære meir om landbruket i kommunen.

God påske 2018

God påske

Sogn og Fjordane Bondelag ynskjer alle ei god påske.

Fylkesrådmann Tore Eriksen i Sogn og Fjordane innleier på årsmøtet til Sogn og Fjordane Bondelag

Vi må ha tru på det vi står for

- Vi må framsnakke fylket og området vårt i alle samanhengar, sa ein tydeleg og optimistisk fylkesrådmann Tore Eriksen då han innleia om regionreformen på fylkesårsmøtet til Sogn og Fjordane Bondelag

Våre samarbeidspartnere