Her er resolusjonane i sin heilskap:

Handlekorga til forbrukaren styrer butikkhylla

Det er ikkje bonden som bestemmer kva du har på spisebordet eller i butikkhylla– men du som kunde. Forbrukaren sit på nøkkelen til kjedemakta. Kjedemakta lyttar til forbrukarens ønske, men til slutt er det innhaldet i handlekorga som avgjer kva som fyller butikkhylla. Ønsker forbrukaren at butikkane sel norske produkt, lokale produkt, eller produkt som høne og lam heile året, er det heilt avgjerande at forbrukaren etterspør og kjøper produktet. Viss forbrukaren skapar ein marknad, skal vi som bønder produsere produkta.

Jordtyv med teskei – er han bondens venn eller fiende?

Arkeologer har veto. De styrer alt fra pålegg til gjennomføring og kan av den grunn påføre kostbare undersøkelser eller forby utvikling, som dyrking, planering og lignende. Det har bodd mennesker i Rogaland i årtusener, våre forfedre har trødd på all jorda vår tidligere. Vil bonden dyrke opp ny mark, eller gjøre noe med jorda, kan arkeologene da kreve undersøkelser. Problemet med undersøkelsene er at arkeologene ikke tar kostnaden – den får bonden. Disse regningene blir stadig høyere, og skaper en barriere for utvikling av gården og forvaltningen av jorda. Rogaland Bondelag mener at det offentlige må ta ansvaret for denne merkostnaden.

Laga vegen medan ein går - ei vandring som må gjerast med auga vid opne.

Rogaland bondelag krev, på vegne av forbrukarane, at jord vert behandla med den verdien ho har – som gull. I alle prosjekt knytt til veg og bane skal matjorda behandlast med respekt. Alle samferdselsprosjekt må ta omsyn til matjorda, og ha gode planar for korleis ein vil ivareta ho. Tre prosent av jorda i Noreg kan dyrkast. Ansvaret for dette må òg Rogaland ta, og det må skje nå. Myndigheiter og utbyggjarar for E39, FV44, E134 og Jærbanen har det store ansvaret.