- Det var overraskande å få Mikkelprisen, men veldig kjekt, slår pelsdyrbonde Jan Arild Seldal fast.

Bak godstolen i stova i Seldal i Sandnes heng det synlege beviset på prisen – eit innramma diplom.

Mikkelprisen blir delt ut til ein oppdrettar som har vist spesielt engasjement innan dyrevelferd i pelsdyrhaldet, samt ein som har gjort eit betydeleg arbeid til gavn for pelsdyrnæringa i Noreg.

Denne heidersprisen blir bare delt ut kvart andre år og er eit diplom og eit stipend på 15.000 kroner. Det er Dyrevelferdsrådet som innstiller kandidatar.

 

Tillitsfulle dyr

I grunngjevinga for prisen blir det trekt fram at ekteparet Seldal skapar ringverknader langt utover eigen gard og region.

«Entusiasme, motivasjon, idéer, lagspill, hjelpsomhet, aktivt arbeid for pelsdyrnæringen og ikke minst det å være en inspirasjonskilde for andre. Alt dette finner vi til det fulle at årets Mikkelpris-vinner er, og ikke minst er de gode ambassadører for hele pelsdyrnæringen», meiner utdelarane av prisen.

Bjørg og Jan Arild er opptekne av at dyra skal vera rolege og tillitsfulle, noko som viser igjen når ein går inn i minkhuset. Her finst ikkje lydar av skremte og redde mink. Når Jan Arild forsiktig lukkar opp ei luke, kikkar ein nyfiken, stor hann ut. Han luktar på hansken som Jan Arild har på seg for å beskytta seg mot tenner og klør, men viser ingen teikn til å vera aggressiv.

- For meg er det ikkje så viktig kor lenge eit dyr lever, men at det har det godt den tida det er i live, seier Bjørg Seldal.

Jan Arild er også aktivt med i rekrutteringsarbeidet i Norges pelsdyralslag og brukar gjerne av sin erfaring som tømrar for å hjelpa unge som ønskjer seg ei framtid i pelsdyrnæringa.

Han hjelper både til med planteikninga for nye driftshus, økonomi og svarar på byggtekniske spørsmål. Han har til og med delteke aktivt i bygginga hjå fleire produsentar i fylket.

Tredje generasjon oppdrettar

Nokre få meter frå stovevindauge ligg minkhusa. Her har ekteparet Seldal 1400 minktisper. I skrivande stund er det rundt 8200 mink her. Inntil for få år sidan hadde ekteparet også sauer, men i dag har naboen teke over denne delen og leiger både hus og beiter.

- Me har ein liten gard, med bare 40 mål dyrka jord, i tillegg til beite. Nå slår me jorda og sel grovfôret til naboen. På ein så liten gard passar det best å driva med noko som ikkje er grovfôrbasert, meiner Jan Arild.

Ekteparet har drive med mink på Seldal sidan 1985, men det er ikkje fyrste gong det har vore pelsdyr på garden. Jan Arild er tredje generasjon pelsdyroppdrettar og fjerde generasjon, yngstesonen Marius, er allereie medeigar og involvert i drifta.

Kvardagen på pelsdyrfarm er travel og startar rundt 06.00 kvar morgon med fôring. I løpet av åra Jan Arild og Bjørg har drive har mykje blitt automatisert. I dag blir fôringa gjort maskinelt, der ein maskin automatisk tilpassar mengda fôr etter storleiken og behovet til det enkelte dyr.

I tillegg til godt arbeid med dyra er Bjørg oppteken av å ha orden og gode system på alt som trengst av dokumentasjon for å driva med pelsdyr.

- Viss du vil gjera det skikkeleg er det mykje arbeid med mink, men det er givande og interessant. Med mink har ein stor mulegheit til å påverka resultatet sjølv. Får ein fram ekstra fine skinn, kan ein kanskje få 20 kroner ekstra per skinn. Det blir nokre tusen det, meiner Jan Arild, som også er ein av tre eigarar i eit pelseri på Grødaland i Hå kommune. I fjor leverte pelseriet 165.000 skinn.

I november er det igjen pelsing på garden.

Utviding

Mykje har skjedd på garden sidan Jan Arild og Bjørg overtok. For rundt 10 år sidan var dei to ferdige med ei stor utviding av drifta. Då vart garden rekna som ein stor pelsdyrfarm. Det er han ikkje lenger.

- Utviklinga har vore stor i vår region. Det som var stort for ti år sidan er ikkje stort nå. Nå finst det jo dei som har 5-6000 tisper, seier Jan Arild.

Han fortel at det var kona som ivra for å starta med mink, men at dei trivst veldig godt med det begge to.

Medan andre produksjonar i landbruket er sterkt regulerte av kvotar, er pelsdyrbransjen styrt av skinnauksjonar. Derfor kan også inntekta variera. Nå er til dømes skinnprisen bare rundt halvparten av kva han var for nokre år sidan på grunn av det finst så store mengder skinn.

- Då er det er viktig å ikkje bruka opp alt når ein tener godt, seier ekteparet som forklaring på korleis det går rundt når prisane kan variera mykje frå år til år.

- Det er slitande å kjenna seg uthengd

Pelsdyroppdrettarar har måtta læra å leva med eit stort fokus, både frå politikarar og dyrevernarar, som har som mål å leggja ned heile bransjen.

- Det er klart me føler me blir uthengde. Det er slitande, for eg kjenner meg ikkje igjen i det heile i det som kjem fram i media. Det er skremmande når politikarar lar seg styra av aktivistar med ein klar agenda, seier Seldal.

Han opnar gjerne dørene for både politikarar og andre som vil sjå korleis det verkeleg er på ein pelsdyrfarm.

- Dei må bare koma. Her er alle velkomne, smiler han.