Innovasjon N  har ei rame på  kr 38,9 mill. i vårt fylke som ut frå søknader kan gå til investeringsformål i landbruket. Av dette beløpet  er det sett ei rame på 30% til Jæren og 70% til resten av fylket. Nå er det  løyvd kr 7.55 mill til investeringsformål og det er søknader inne på om lag  kr 6.5 mill som er relatert til Jæren,  30% av midlane som skal til Jæren er med dette brukt opp.

Søknader frå Jæren om  investeringsstøtte/ rentestøtte vil bli sendt i retur til søkar.                           NB: Dette gjeld ikkje for tilskot til nye gjødsellager i dei prioriterte vassdraga på Jæren.  

Investeringslysten i resten av fylket er som tidligare.  I oktober vil ein ta ei ny vurdering på utviklinga i resten av fylket, og er det teikn som syne at det kan bli ledige midlar kan ein omfordele midlar.  

Seinhausten vil Landbruksdirektoratet ta ei vurdering om det er ledige midlar i fylka. Landbruksdirektoratet kan omfordele ledige midlar til fylke som har mangel på midlar. Tidligare har vårt fylke fått midlar til rentestøtte  frå fylke som fekk ledige midlar.

Landbruksdepartementet er orientert om situasjonen i Rogaland.