Henning Vestersjø på Ombo trudde alt låg til rette for bygging av nytt lausdriftsfjos på garden på Ombo. Finansieringa var i orden og banken var positiv, heilt til Norgesgruppen sitt utspel om å fasa ut egg frå burhøns vart kjent.

- Dei legg ned landbruket

Sidan Vestersjø har eggproduksjon i miljøbur og kan venta seg nok ei investering på rundt to millionar kroner om få år, fekk han kontrabeskjed for banken. Dei vil likevel ikkje innvilga lån til nytt fjos nå og forlangar meir eigenkapital. Dermed må nå bonden setja ei sårt trengt utvikling av garden på pause.

- Viss eg ikkje får bygd nytt fjos raskt, må eg leggja ned drifta. Det er bare trist, seier Vestersjø.

Han syns lite om at Norgesgruppen kan styra utviklinga av landbruket.

- Det er heilt forferdeleg. Dei legg ned landbruket, seier bonden.

Marit Epletveit, leiar i Rogaland bondelag.

Uroa over kjedemakta

Leiar i Rogaland bondelag, Marit Epletveit, er uroa over kjedemakta og konsekvensane denne har for enkeltbønder.

- At bønder ikkje får lån fordi banken antar dei må byggja om i eggproduksjonen sin, er bare trist, seier Epletveit.

Ho minnar om at det ikkje er meir enn fem år sidan eggnæringa hadde ei stor omlegging.

I 2012 måtte næringa leggja om til anten frittgåande løysingar eller miljøbur. To tredjedeler av produsentane i Rogaland valde miljøbur.

 

- Ikkje dårlegare dyrevelferd

- Det er ingenting som tilseier at det er betre eller dårlegare dyrevelferd i miljøbur samanlikna med frittgåande løysingar. Når Norgesgruppen nå vil fasa ut egg frå miljøbur, blir bøndene tvingde til ein enorm ekstrakostnad lenge før miljøbura er utslitne. Eg forventar at Norgesgruppen står opp og er med på å ta kostnaden her, seier Epletveit og viser til at bøndene er avhengige av å tenkja langsiktig når dei gjer investeringar. I tillegg til å ta tid, er det kostbart å endra produksjonsformer.

- Eg vert oppgitt når matvarekjedane skal setja premissane for investeringar i landbruket. Ja, vi skal tilpassa oss forbrukaren, men i dette tilfellet er det kjeden som antar at det er dette forbrukarane ønskjer, seier Epletveit.