Handlingsrommet i importvernet må utnyttes.
LO Rogaland, NHO Rogaland og Rogaland Bondelag forvente i ein felles uttale at Stortinget ved Statsbudsjettet for 2013 legger om tollvernet til å bruke enten prosenttoll eller kronetoll for å sikre eit velfungerande importvern.
Dei aller fleste industriland og ei rekke av utviklingsland har eit importvern for å utgjevne forskjellane i kostnader i produksjonen av mat. Vi har kort vekstsesong, lange avstandar og eit generelt høgt løns- og kostnadsnivå. Det vert store utfordringar med kostnadane for norske landbruksvarer i forhold til mange andre land. Dagens ramevikåra for å nytte norskproduserte råvarer i norsk matindustri må ikkje svekkast.
Stortinget kan ut frå gjeldane WTO avtale frå 1995 nytte den tollsatsen som gjer best importvern for norske produkt. I Norge importerer vi meir enn 50% av vår mat. Importvernet er med å sikre norsk produksjon av matvarer som vi kan produsera sjølve, som til dømes mjølk, kjøt, egg, korn, potet, og grønt . Det er avtalar med fleire land + EU på større og mindre importkvotar av foredla matvarer som kjem inn til landet vårt, til dømes ost som vi har ei importkvote med EU på 7200 tonn. (10% av vårt årlige forbruk)
Sjå uttale frå LO Rogaland, NHO Rogaland og Rogaland Bondelag