Kalenderen har ikkje kome lengre enn siste del av mars, men bøndene på Ogna gard har allereie vore i gang i fleire veker. I lett sandjord kan nemleg såarbeidet starta ekstra tidleg.

- Den tørre sandjorda gjer at me kjem ut på med traktor sjølv om det er blautt, forklarer Marthe Skjørestad.

Saman med ektemann og son på garden Sigbjørn er ho med i drifta saman med den eldre generasjonen Hilde Skjørestad og Ervin Skretting.

Med på laget er også dei to barna Hilde (3) og Anita (2).

- Me har ungane heime nokre dagar i veka. Det er viktig for oss at dei lærer seg til å vera med, sjølv om det betyr at eg får gjort litt mindre dei dagane, smiler Marthe, medan treåringen ivrig grip ei stor spade, medan yngstejenta helst vil i sandkassen.

Start under plast

Traktorar er i full sving på eit stykke leigd jord på Brusand. Dette er det siste stykket som skal sås og dekkast med plast.

Dei tidlege gulrøtene må nemleg starta veksinga under plast. Seinare på året er ikkje dette nødvendig.

Ein nyare John Deere gjer grunnarbeidet, før to gamle traktorar får sleppa til. Fåre på fåre blir sådd og dekka med kvit plast

- Me liker å bruka dei gamle traktorane, sjølv om det kan vera litt kaldt på ein open traktor, men då kan iallfall ingen klaga på dårleg varmeapparat, seier han med eit smil.

Bonde og brannmann

Ogna gard dyrkar ulike sortar gulrøter. Nokre eignar seg betre til lagring enn andre, noko som er heilt nødvendig skal forbrukaren få norske gulrøter heile året.

- Me har akkurat pakka dei siste snacksgulrøtene. Nå er det tomt på lageret, fortel Sigbjørn, som har full jobb som brannmann i Rogaland brann og redning iks på Sandnes utanom gardsdrifta.

- Eigentleg er eg elektrikar, men etter å ha prøvd meg som brannmann fann eg ut at det passa meg veldig godt. Sidan eg har døgnvakter får eg også fridagar der eg kan vera med på garden. Eg kan ikkje bare gå og sviva når eg har fri, flirer Sigbjørn.

Mange om beinet

Ogna gard har rundt 120 mål eiga jord og leiger nesten like mykje.

- Utfordringa når me dyrker gulrøter er at etter eitt år bør det gå sju år til neste gong me har gulrøter i same jorda, fortel Hilde.

- Ja, det blir litt sånn at me må rundt på dørene og ringja på og spør om å få leiga jord, og det er me ikkje åleine om. Det er mange om beinet, legg Sigbjørn til. 

Men til nå har bøndene klart seg godt med både leigd og eigd jord, sjølv om dei må kjøra langt for å koma til arealet som nå fungerer som lagerplass. Dette er nemleg på Nærbø, heilt nord i kommunen.

- Søte og gode

Familien Skjørestad dyrkar også vårlauk, stangselleri og sellerirot, men det er gulrot som er den største produksjonen.

- Jorda her er veldig god til gulrot. Dei blir veldig søte og gode, seier Hilde om kvifor det vart akkurat gulrot på Ogna gard.

- Det er det me har fått til og det me har spesialisert oss på, legg ho til.

Og så den yngre generasjonen ser føre seg å halda fram med gulrotdyrkinga når dei ein gong tek over heile drifta.

- Men førebels er me alle fire. Det går ikkje utan dei eldste ennå, smiler Sigbjørn mot mor Hilde.

I sesongen har garden rundt 15 utanlandske arbeidsfolk, i tillegg til rundt 25 norske ungdommar. 

 

Me er heldige som bur i det største matfylket i landet. Kvar veke framover vil Rogaland bondelag presentera ein rogalandsbonde.