Rogaland stiller seg bak årets brudd - jordbruksoppgjeret var ein test på viljen til å følgje opp jordbruksmeldinga. Skillelinjene i norsk landbrukspolitikk kom tydeleg fram  og  framtida blir spennande.

For å komme EU sine vanndirektiver i møte, reine vassdrag og agronomisk rett bruk av husdyrgjødsla må frivillige tiltak innanfor denne sektoren styrkes.

Frivillige tiltak kan være:

Ikkje spreiing etter 1. august,  gjødselprøver av husdyrgjødsel, årlige gjødselplanar, vårpløying, rask nedmolling , og renseparkar. Slike ordningar må styrkast med bruk av RMP midlar.

Dette må styrkast fordi:

Revidering av Gjødselforskrifta  er i gang. Med dagens regler har vi i vårt fylke mange kommunar som ikkje ut frå dagens krav har nok spreieareal utan bruk av beiteareala til å spreie husdyrgjødsel på.  

Det gjeld fleire distriktskommunar der landbruket er svært viktig.   I Rogaland har vi om lag 1 million dekar jordbruksareal. Snautt halvparten av dette er beite, som ikkje kan haustast maskinelt.  Det er avgjerande om vi skal ha matproduksjon i heile fylket og heile landet at beiteressursane blir utnytta godt, og då må beita ha husdyrgjødsel. Det må ikkje leggast restriksjonar på bruk av husdyrgjødsel på desse areala. Mange har lage veg i beita sine nettopp for å komme fram med husdyrgjødsla. beiteareal blir  kultivert opp og ein bruker gjødselvogn med kanon helst i duskregn for å hindre tap av nitrogen. Dette gir flotte beiter på plasser som ikkje er framkomelege på anna vis.

Gjødselforskrifta skulle eigentleg ut på høyring i desse dagar, men vart utsett til nyttår. Det er mulig landbruksministeren har hatt for mange jern i elden i sin hugen etter å liberalisere landbruket. Men uansett kven som sitt i regjering håper eg dykk kan være med å sørge for at gjødselforskrifta vert landa på ein god måte. Slik at gjødsla fortsatt kan være bondens gull.