Lokallaga på Jæren, lokallagsleiarar og andre har tatt opp spørsmålet om mjølkeproduksjon utover grunnkvote. Disponibel mjølkekvote for enkeltføretak er 400 tusen liter og for samdrifter 750 tusen liter.

Kvotetaket er øvre grense for mjølkeproduksjon i føretaka, om ein ikkje kjem inn under andre historiske mjølkekvotar. Dei føretaka som ligg på/ved kvotetaket får ikkje ta del i ei eventuell auke på disponibel kvote. I tidligare forskrift var det mogleg å produsera ut over kvotetaket dersom forholdstalet vart sett opp.( Tine som marknadsregulator hadde behov for meir mjølk)

Ny forskrift om kvoteordninga for mjølk vart gjort gjeldane for kvoteåret 1. mars 2012 til 28. februar 2013.

I den nye forskriftavart det blant anna innført eit nytt begrep på mjølkekvote:

Grunnkvote: Denne ligg til landbrukseigedommen, tildelt og kjøpt kvote.

Disponibel kvote: Føretakets rett til å produsere kvote. Disponibel kvote kan ikkje gå over kvotetaket for enkemannsføretak og samdrifter. (400´og 750´)

 For kvoteåret 2012 er følgjande justeringar i berekning av kvote ut frå marknaden sitt behov for mjølk sett til:

Grunnkvoten vert sett opp med 1%.

Disponibel kvote sett opp med 4%.

Reaksjonane som kjem inn er at føretak som ligg opp mot kvotetaka ikkje får ta del i auken på 4%. Ein auke i grunnkvota er ikkje tema i dei reaksjonane vi har fått. .

Det er når marknaden, Tine som marknadsregulator, signaliserer at det er behov for meir mjølk og ein som i tidligare år ikkje får ta del i denne auken det vert reagert.

For eit enkeltføretak som ligg på kvotetaket vil det sei opp mot 16000 liter mjølk og for ei samdrift kan det bety opp mot 30 000liter mjølk.  

Argumenta for å ta del i auken i disponibel kvote er:

Om Tine som marknadsregulator treng meir mjølk må alle mjølkeprodusentar få ta del i det.

Tidligare forskrift ga rom for å ta del i auka produksjon dersom marknaden hadde behov for meir mjølk.

Økonomien er også stram hjå dei ”store” mjølkeprodusentane.

Ein må unngå ei ny ”smørkrise” på alle type produkt.

Nokre innspel på motargument:

Kvotetak for mjølk kan samanliknast med konsesjonsgrense i andre produksjonar.

Redusert auke i disponibel kvote for dei ”mindre” mjølkeprodusentane.

Kvotesystemet er laga til pga produksjonspress.

Mjølkeproduksjonen er ei av dei mest politiske styrte produksjonane i landbruket