Tysdag morgon inviterte Sandnes bondelag til frokost og landbruksdrøs på Brunes. Lokalpolitikarar frå både KrF, Sp, MDG, Ap, SV og Frp var på plass.

- Me snakka om bruket her, kor mykje me produserer og kor mykje folk det mettar i løpet av eitt år, fortel Anne Lise Sollien Brunes.

Saman med ektemann og bonde Bent-Eirik Brunes, tok ho i mot politikarane heime på garden tysdag morgon.

Garden har både ku og gris. Fjoset er lausdrift med to robotar. Etter ein god runde på garden med mykje informasjon, fekk politikarane servert ein skikkeleg bondefrokost.

Det er ikkje kvar dag ein får politikerbesøk til gards. Anne Lise stod opp 05.30 for å sikra Sandnes-politikarane nybakt brød til frokost. Attåt maten fekk dei også servert ein aldri så liten quiz for å sjå kva dei hadde fått med seg av gardsinformasjonen.

- Etterpå vart dei fleste med ut i fjøset for å sjå på lausdrifta, noko fleire vart imponert av. Dei fekk nok eit nytt syn på kor mykje jobb som ligg bak både mjølk og kjøt før det når butikken, seier Anne Lise.