- Får me plukka sjølv?

Zara Emilie Eriksen går målbevisst ut i grønsaksåkeren på Vik og tek tak i eit blomkål. At blomkålet er lilla gjer ikkje entusiasmen mindre.

- Veldig kult, slår ho fast.

Årleg tur

Emilie Eriksen er ein av rundt 50 ungdommar som torsdag var på tur med Rogaland Bondelag og Kokkenes mesterlaug Rogaland. Alle ungdommane er elevar ved vg2 kokk og servitør eller matfag på Karmsund, Bryne eller Jåttå vidaregåande skular. Målet med denne årlege turen er å visa elevar som skal arbeida med mat i framtida korleis mat blir produsert, i tillegg til å få visa fram litt av landbruket me har i Rogaland.

Denne gongen starta turen hjå Ola Sunde på Vik, med veksthus og grønsaksproduksjon på friland.

Både gulrøter, blomkål og brokkoli vart henta og smaka på, rett frå åkeren.

Etter ein tur innom drivhuset og informasjon om tomatproduksjon, gjekk turen vidare til Anda og Sølve Salte. Han har økologisk eggproduksjon og konvensjonell mjølkeproduksjon og elevane fekk prøva seg på sortering av egg, før fjosbesøk stod på programmet.

Ikkje alle har vore i eit fjos før og lot seg riva med av selskapssjuke og nysgjerrige kyr.

Siste stopp var hjå Olav Røysland på Voll. Han har produksjon av potet og korn, i tillegg til svin.

På grunn av smittefare, fekk ikkje følgjet koma inn til grisene, men to små grisungar fekk koma ut. Dette var svært populært og både griser og elevar fekk fylt opp kosekvota.

Ein betre middag

Med på turen var også Jærkokken Heine Grov. Han har laga ein meny til ein betre middag basert på lokale råvarer, mange av dei direkte frå produsentane elevane gjesta denne torsdagen. Vel tilbake på Jåttå vgs, stod middagslaging på programmet. Elevane sjølv stod for førebuinga, med rettleiing frå lærarar og Heine Grov.

- Dette har vore gildt og spanande, seier Karina Haugsland, elev ved Bryne vgs, før ho skal i gang med å laga tomatsalat og gulrotkake.

Middagen fekk elevane eta sjølv, saman med rundt 20 inviterte gjester. På gjestelista ståod både politikarar, bønder og tilsette i Rogaland bondelag.