Les innlegga her:

Arnstein Røyneberg tok i sitt innlegg opp kor viktig  det er med forskning og utvikling innan landbruket. Arbeidet som forskningsprosjektet Foods of Norway utfører med nye og betre proteinvekster for bruk blant anna innan  fôrproduksjon er viktig. Vi må redusera talet på skipslaster med soya inn til landet, som vert nytta til fôr, både til grøn og blå næring.

Vi i bondelaget må følgje opp dette prosjektet, slik at vi får eit resultat på denne forskinga som vi i praksis kan nytta innan fôrproduksjon til våre husdyr.  

 

Lisa Breiland  tok opp  i sitt innlegg biogassproduksjon basert på husdyrgjødsel.

Biogass basert på råstoff frå husdyrgjødsel  kan i Rogaland erstatte store mengder fossil energi og co2 kan nyttes som vekstmedium i drivhus.

Vi treng nå entusiasme og engasjerte bønder som ønskjer å nytte si husdyrgjødsel til biogassproduksjon.  

 

Bente Gro M Slettebø tok opp i sitt innlegg bruken av heile garden sine ressursar i drifta.

Dyrka jord, innmarksbeite og utmarksbeite må nyttas, innmarksbeite gjer store grasavlingar gjødsla med husdyrgjødsel.

For å nytte og vedlikehalda areala trengs det hoder og hender. Mykje manuelt arbeid må utførast, vi kan ikkje mekanisera alt arbeid på beita vi har.

Matproduksjon på gardens eigne ressursar gir god og  klimasmart mat.  Vi treng distriktslandbruket, hender og hoder som kan holde areala i hevd.