- Organisasjonsarbeid er noko som interesserer meg. Det er gøy og sosialt å vera med i bondelaget, slår den nyvalde leiaren fast.

 

Falt for både mannen og landbruket

Ektemannen tok over garden allereie i 2005. I 2010 kom Guro til gards. Ho er oppvaksen i Vaksdal, mellom Voss og Bergen, midt i eit byggjefelt.

- Eg vart heilt fasinert av landbruket. Dei som ikkje kjenner landbruket frå innsida går i butikken og ser mjølka og kjøtet. Dei ser sluttproduktet, men ikkje alt arbeidet med å gjødsle, slå, ha dyr på beite, fôre og mjølke. Det var rett og slett til overveldande for meg. Eg hadde ikkje tenkt over alt arbeidet som ligg bak eit kilo kjøt, seier Guro ærleg.

Ho omfamna bondeyrket. Ho likte fridomen og det å jobba tett på dyr.

- Eg falt ikkje bare for mannen, men for landbruket òg, smiler 25-åringen.

Fødd med kreft

Ekteparet i den hundre år gamle bustaden på Steinberg i Lund har ei historie litt utanom det vanlege. Dei to møttest nemleg på ei helsereise for ungdom med kreft. Då var dei begge kreftfrie. Guro var bare 17 år. Hans åtte år eldre. Det vart ikkje søt musikk mellom dei to då, men framtida hadde noko i vente.

- Eit halvt år etter døydde ein av dei som hadde vore på denne turen. Då begynte med å snakka saman og så balla det bare på seg.

Ho smiler frå sofaen heime i stova. På veggen heng eit bilete av to små jenter. Midtpunktet i familien, men det var langt frå sjølvsagt at det skulle hengja barneklede på knaggane i gangen på Steinberg. Guro er fødd med arveleg netthinnekreft. Tre gonger har ho hatt kreft. Fyrste gong som baby, andre gong som 7-åring og siste gong som 11-åring. Ho ville gjera alt for at ungane skulle sleppa å oppleva det same. Derfor gjekk det unge paret gjennom prøverørsbehandling og gentesting av egga for å sikra at ungane skulle sleppa ein barndom med kreft. På siste forsøket lukkast dei. Tvillingjentene på tre og eit halvt år er heilt friske.

- Eg er utruleg takksam for at me fekk dei. Dei er min største motivasjon, seier tvillingmora.

Guro liker å vektleggja det positive i livet mest.

- Hadde eg ikkje hatt kreft, hadde eg aldri møtt Hans, slår ho fast.

 

Måtte fjerna auge

Etter behandling som baby, vart Guro friskmeld, men kreften kom tilbake. Som 11-åring fekk ho sitt andre tilbakefall. Kreften sat ikkje i auge, men for å koma til svulsten måtte høgre auge fjernast. Det har vore ei stor sorg – ei sorg som i starten fekk lite merksemd.

- Eg var så fokusert på at eg var heldig som overlevde. Det var jo bare eit auge.

Ho dveler litt med orda. Fortel at sjansen for at prognosane ho fekk den gongen som 11-åring ikkje var gode. Guro var på rett side av statistikken, men behandlingane var svært tøffe for kroppen. Guro opplevde å slita på skulen. Ho var mykje trøtt og sliten. Men ho var jo frisk, var ho ikkje? I seinare tid har det blitt vanlegare å ikkje bruka ordet «frisk», men «kreftfri» og seinskadar er blitt eit ord i vokabulæret når ein snakkar om kreft.

- Eg har blitt kalla lat sidan eg ser frisk ut. Men eg er ikkje lat. Eg har hatt kreft, slår 25-åringen fast.

Med cellegifta har Guro mista luktesansen og mykje av smakssansen.

- Eg smakar til dømes ikkje kanel. Ikkje i det heile tatt. Andre ting hugsar eg korleis luktar, til dømes abc-kjeks. Det fekk eg alltid etter cellegiftbehandlinga som liten. 

Handa strekkjer seg etter kaffikoppen og viser fram eit tatovert auge ved høgre tommel. Faren har eit akkurat likt, på si høgre hand. Han har også operert vekk eit auge. Både han og systera til Guro har genet som kan gi kreft.

Ungane er drivkrafta

Guro legg ikkje skjul på at livet ikkje alltid er ein dans på roser. Ho er arbeidsufør grunna seinskadene etter fleire rundar kreftbehandling. Men det å bu på gard og få vera med der ho klarer - det å få ta dagane litt som dei kjem og ha mulegheit til å ta omsyn til eiga dagsform, gir ein livskvalitet ho er takksam for. Ho trivst på garden og meiner det å ha kontakt med dyr er helsebringande i seg sjølv.

- Men eg grin litt kvar gong me må senda nokon til slakt, innrømmer ho.

Ho er med så mykje ho klarer på garden og kviler når ho treng det når jentene er i barnehagen. Det er dei to undera på 3,5 år som er drivkrafta til Guro. I tillegg har ekteparet to hundar, ein katt og ni høner.

Ho liker kvardagen sin som bondekone, tvillingmor og bondelagsleiar.

- Eg er nok ei klassisk bondekjerring, seier ho og ler godt.

 

Utviding

Garden på Steinberg i Lund har samla 210.000 i eiga og leigd mjølkekvote. Eit nytt robotfjos er under planlegging. Men fjoset frå 1946 skal nyttast også i framtida, då til ungkyr og som sjukebinge. Bygginga av påbygget skal starta allereie i 2018.

- Me skal leiga meir kvote og denne er ikkje ledig før 2020, men me satsar på å auka litt etter litt og auka bestanden sjølv, fortel Guro, som tykkjer det er både spanande og litt skummelt med utviding.

 

Eit aktivt lag

Guro har vore aktiv i Lund bondelag sidan 2015, i starten som nestleiar.

- Det har vore ei kjekk erfaring og ein kjekk aktivitet. Mannen min har vore aktiv før, så nå tenkte eg at det gjerne var min tur å prøva. Det er ein enkel måte å involvera seg, meiner ho Guro fortel om eit aktivt lag med fleire sosiale aktivitetar. Dei er også aktive på stand på lokale festivalar. Lund bondelag hadde i starten av november 89 medlemmar.

- Målet er å nå 100 før utgangen av året, slår den ferske leiaren fast.

Ho er klar på at ho absolutt ikkje skal gjera alt arbeidet aleine.

- Eg har eit fantastisk styre med meg, legg ho til.

Styret i Lund bondelag består av fire menn og ei dame.

- Det er desidert flest menn både i yrket og i organisasjonen. Det er nok færre aktive damer enn før. Mange har jobb utanom, medan mannen driv garden, seier Guro. Ho anbefaler også andre ektefellar til å engasjera seg i bondelaget sjølv om det er ektefellen som har hovudansvaret for drifta.  

Ei av hjartesakene til Guro er å framsnakka landbruket. Ho meiner bøndene får for lite respekt og skryt.

- Me må reklamera endå meir for kva norsk mat eigentleg er. Me må få tydelegare fram den låge antibiotikabruken og kor lite ecoli me har i Norge. Me må rett og slett slå eit slag for den norske maten, avsluttar ho.