Etter oppslag om dyretragedier har Norsvin, ved styreleiar Geir Heggheim, gjennom Nationen tatt til orde for å innføra obligatoriske, årlege veterinærbesøk for alle grisebønder. Dette er i dag pålagt havbruks- og fjørfenæringa. Heggheim meiner det må bli eit lovpålagt krav også for svinebønder og at eitt til tre årlege besøk bør vera minimumskrav.

- Dette kan virka forebyggjande og kan også ha ei oppsida for bonden, seier Heggheim til Nationen.

Les saka i Nationen her.

Norge har allereie strengare forskriftskrav enn dei fleste andre landa i Europa når det gjeld blant anna lausdrift, krav om strø og rotemateriale, men landbruket må alltid ha eit sterkt fokus på dyrevelferd.

Har invitert faglaga til diskusjon

Leiar i Rogaland bondelag, Marit Epletveit, støttar fullt ut forslaget frå Norsvin. Rogaland bondelag vil også arbeida for at slike tragediar som nå har blitt avdekka ikkje skal skje igjen.

- Me har allereie invitert aktuelle faglag i fylket for å sjå korleis ein saman kan laga endå betre ordningar for å fanga opp avvik, seier Epletveit.

- Desse sakene er bare triste

Epletveit reagerer på dei tilhøva som Mattilsynet har avdekka.

- Desse sakene er bare triste. Me skal stella godt med dyra våre og følgja regelverket. Det er sterkt beklageleg med brot på dyrevelferdslova, seier bondelagsleiaren, og legg til at det er viktig å ha respekt for arbeidet Mattilsynet gjer.

- Me vil gjera det me kan for at dialogen mellom næringa og Mattilsynet vert best muleg, lovar Epletveit.