Er mjølkekvoteordninga gamaldags?

Av Marianne Osmundsen,
  • Tips en venn om denne siden

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug er på besøk i Rogaland for å møta blant anna mjølkeprodusentar. Ho seier mjølkekvoteordninga er moden for revisjon, effektivisering og mjølkebruka må få løyve til å produsera meir. Ut frå dagens regelverk - kven er det av de 1443 mjølkeprodusentane i Rogaland som har eit problem med taket på mjølkekvote?

Er det dei 918 produsentane som produsere under 200 tonn mjølk i året?
Er det dei 390 produsentane som produserer mellom 300 og 400 tonn mjølk i året?
Er det dei 96 produsentane som produsere mellom 400 og 600 tonn mjølk i året?
Er det dei 29 produsentane som produserer mellom 600 og 750 tonn mjølk i året?
Eller er dei 10 produsentane som produsere meir enn 750 tonn mjølk i året?
 

Rogaland Bondelag ønskjer ein landbruksminister som legg til grunn kunnskap og konsekvensar på endringar i mjølkekvoteordninga og innan landbruket sine ramevilkår.

  • Rogaland Bondelag ønskjer ein landbruksminister som står i front for betre ramevilkår for all mjølkeproduksjon og matproduksjon i heile fylket og heile landet
  • Rogaland Bondelag skal ha ein mjølkeproduksjon som er tilpassa struktur, geografiske og klimamessige forhold som gjeld der garden er!

 Rogaland Bondelag skal ha  mjølkeproduksjon i heile landet og heile Rogaland.  For å ha mjølkeproduksjon i heile landet har vi eit regelverk som gjennom fleire år er utforma for å utjamne forskjellane mellom dei ulike landsdelane. Det er blant anna ulike økonomiske ramevilkår ut frå struktur, klima, geografi, konsesjonsgrenser innan svin og fjørfe og mjølkekvotar som regulerer mjølkeproduksjonen. Mjølkeproduksjon er viktig for matproduksjon i heila landet. Eit verkemiddel for mjølkeproduksjon i heile landet er mjølkekvotesystemet som regulerer tak på produksjon, kjøp og sal av mjølkekvotar og utleige / leige av mjølkekvotar. Kvart fylke er eigen kvoteregionar for kjøp / sal og utleige / leige av mjølkekvote. Det er det regelverk på kor mykje kvart føretak kan produsera. Enkeltmannføretak har ei maks kvote på 400 tonn årleg og samdrifter har eit kvotetak på 750 tonn årleg mjølkeleveranse. Svært få av desse føretaka produserer maks kvote. Mjølkeproduksjonen er i hovudsak tilpassa på eigne fôrressursar og med eit tillegg på innkjøpt kraftfôr.

I Rogaland har vi totalt 1443 mjølkeprodusentar. Alle kommunane  i fylket, unntatt Utsira, har mjølkeproduksjon.

På bildet: Ole Andreas Aarsland

Er du rammet av tørka?

Denne sommerens tørke rammer bønder i hele landet. Norges Bondelag følger situasjonen tett, og det jobbes med å finne gode løsninger sammen med myndighetene og Småbrukarlaget.

Bondens Marked søker flere produsenter

Bondens marked planlegger to nye prøvemarkeder i Stavanger i år, 16. juni og 16. september, og arrangerer produsentkurs 23. mai i Stavanger og 24. mai i Haugesund.

besøk nordland

Besøk av Nordland Bondelag

Fra tirsdag 10.-torsdag 12. april har Rogaland Bondelag hatt besøk av styret og ansatte fra Nordland Bondelag. Dagene har bestått av diverse gårdsbesøk, møte og god drøs med god mat.

Debattmøte om dyrevelferd

Interessen for maten vi spiser og måten den blir produsert på øker. Mattilsynet sin tilsynskampanje i svinenæringa i Rogaland var tema i lokale, regionale og nasjonale media. I samarbeid med Bondevennen inviterte Nationen til debatt om dyrevelferd på Garborghuset på Bryne, onsdag 21. mars.

Våre samarbeidspartnere