Fristen for å koma med høyringsuttaler til ny E39 er 28. april. I desse dagar reiser Statens vegvesn rundt i fylket og arrangerer infomøter. Epletveit deltok sjølv på eit slikt møte i Bjerkreiml tysdag 21. mars.

- Det var god stemning og forslag til konstruktive løysingar, seier ho og legg til at det vart fokusert på verdsetting av beite og ønsket om å verna mest muleg dyrka mark.

Bondelagsleiaren er klar på at det er nå dei lokale bondelaga må uttala seg.

- Møt på møta og kom med innspel. Det er også viktig med skriftlege innspel, oppfordrar Marit Epletveit.

Statens vegvesen har starta arbeidet med kommunedelplan med konsekvensutredning og lagt forslag til planprogram ut på høring. I samband med dette arrangerer vegvesenet åpne informasjonsdager i alle berørte kommunar.
På desse informasjonsmøta vil det bli presentasjonar i to rundar og elles er det muleg å treffa dei som arbeider med prosjektet og diskutera planane.

Planarbeidet er grunnlaget for å velja korridor for firefelts veg med fartsgrense 110 km/t frå Lyngdal kommune i Vest-Agder til Sandnes kommune i Rogaland.