Tysdag 26. september hadde Margunn og Per Nedrebø bestilt slåing og pressing av rundt 120 mål hjå Gjesdal Maskinstasjon. Men maskinane som kom til gards denne dagen var av ein litt annan sort enn det ein vanlegvis ser i Rogaland.

Motorslåmaskin

Gjesdal Maskinstasjon hadde nemleg besøk av Stein Lauvrud som skulle demonstrera ein annleis slåmaskin.

Slåmaskinen er ein motorslåmaskin og kan fjernstyrast.

- Han er bare 400 kilo og har annleis marktrykk enn ein traktor. Derfor sette han ikkje merke i det heile, sjølv om det var så blautt at me var blaute i beina. Me såg stor forskjell på der denne hadde gått og der me hadde kjørt traktor, fortel Margunn.

20 mål i timen

Maskinen kan slå rundt 20 mål i timen. Lauvrud hadde med seg to maskinar, ein med ei breidde på rundt fire meter og ein på to meter.

Mange skodelystne hadde teke turen for å sjå maskinane i drift og Margun og Per fekk i same slengen tatt resten av 2.-slåtten.