Frå venstre:  leiar i samferdselstyret Arne Bergsvåg, fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal, fylkesleiar Ola Andreas Byrkjedal

Fylkestinget har gjort vedtak om utgreiing av dobbeltspor over Jæren. Som grunnlag for dette vedtaket er arbeidet som Norsk Transport Plan har tilrådd for perioden 2014-2023.  Her heter det under avsnitt 4.3.4:

I Stavangerregionen settes det i gang en Konseptvalgutredning (KVU) for Egersund - Sandnes. Det nye dobbeltsporet mellom Sandnes og Stavanger vil kunne håndtere en økt transportetterspørsel i planperioden mellom Sandnes og Stavanger bl.a. med økt antall togsett.

Då stortingsmeldinga om nasjonal transportplan var på høyring, gjorde fleirtalet i fylkestinget i Rogaland mellom anna dette vedtaket:

Det i NTP varslede arbeid med KVU for dobbeltspor på strekningen Sandnes Egersund må igangsettes snarest, og senest i 2015.

Jernbaneverket har med andre ord fått bestilling til å starta opp eit slikt planarbeid. Vi trur vedtaket i fylkestinget vart gjort med tru om at nåverande trase skulle utbetrast til dobbeltspor, ikkje ny trase som tar for seg på matfatet Jæren.

Fylkeskommunen har det overordna ansvar for regional planlegging, også innan samferdsel. Politisk leiing i fylkeskommunen er ikkje involvert i planprosessen og arbeidet med moglege traseval til dobbeltsporet. Det er uro over at Jernbaneverket som står for planlegginga av dobbeltsporet bare legg fram eit forslag på trase til politisk handsaming. Det er ikkje ein demokratisk prosess.

For Rogaland Bondelag er det viktig at ein har ein demokratisk planprosess. Fylkeslaget krev det vert utarbeida ei Konseptvalutgreiing  (KVU) slik at ein får oversikt over konsekvensar på dei ulike traseforslaga, kva som vert påverka av ei utbygging skal kartleggjast.  Då ein kan gjer dei rette vala. I ei konseptvalutgreiing vert og eit alternativ med kryssingsspor utgreia. Rogaland Bondelag og fylkesordføraren fortsett samarbeidet som vert oppretta på møtet.