Mandag 24. april arrangerte Lund Bondelag dialogmøte angåande planane om ny E-39 gjennom Lund.

Leiar av jordvernutvalget i Rogaland Bondelag, Ole Andreas Byrkjedal, opna med kva som er viktigast å spela inn til Statens Vegvesen. 

Dei frammøtte fekk også sin sjanse å koma med innspel. Blant dei som tok ordet var ei gruppe bønder på Moismoen. Dei har gått saman om å laga eit konkret forslag til korleis eit vegkryss kan flyttast med tunnelmasse ut i Hovsvatnet og dermed unngå at dyrka jord vart tatt.

Ordførar, varaordførar og nokre sentrale politikere var blant tilhøyrarane denne kvelden.

Lund Bondelag vil nå laga si uttale og fristen for dette er 28.april. 

Denne uttalen vil også bli sendt til Lund kommune, då dei skal behandla saka 11.mai.

Det var også innlegg frå bønder i Gjesdal og Bjerkreim om korleis dei har jobba med innspela til ny E-39. 

32 personar møtte på møtet.