Med parolar som «Tilbodet frå Dale er ein skandale», "Regjeringa har det mest i kjeftet, gapet øker" og ikkje minst «Ribba til skinnet», som blant anna leiar i Rogaland bondelag, Marit Epletveit, presenterte på både den eine og den andre måten protesterte bøndene tysdag.

I tillegg til ein plakat, stilde nemleg Epletveit i nakendrakt og var eit ynda fotoobjekt for både fnisete ungdommar og riksmedia. Saman med rundt 100 andre rogalandsbønder hadde ho reist til Oslo for å protestera mot regjeringa si landbrukspolitikk.

Sjå fleire bilete frå toget i bildegalleri nederst i saka.

 

16. mai vart det brot i jorbruksforhandlingane. Avstanden mellom partane vart for stor og bøndene braut forhandlingane.

23. mai stilde derfor bondeorganisasjonane mannsterke i hovudstaden for å visa si misnøye med tilbodet til mat- og landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) og hans retning for landbrukspolitikken.

Bøndene og andre bondesympatisørar marsjerte frå landbrukskvartalet til Stortinget, der det var duka for appellar, blant anna frå bondelagsleiar Lars Petter Bartnes. 

- Regjeringa nyttar ikkje mulegheita til å utvikla ei komplett næringskjede med bønder, industri og matkultur. Ei verdikjede med over 90.000 arbeidsplassar, sa Bartnes i sin appell.

Når fleire tusen bønder togar inn i hovudstaden, viser det igjen og Dale fekk merka misnøya frå bøndene etter talen sin framfor Stortinget. Applausen vart byta ut med hundrevis av raude kort som vart haldne opp mot ministeren.

Nå blir det opp til Stortinget å avgjera utfallet av årets landbruksoppgjer.