Rogalandsbonden
Ingen andre fylke produserer meir mat enn Rogaland.
Jordbruket i Rogaland har ei verdiskaping på 2,7 milliardar kroner i året.
Samla verdiskaping frå jordbruk, skogbruk, tilleggsnæring og den landbruksbasert industrien som er avhengig av landbruket er 5,6 milliardar.
Kvar veke presenterer Rogaland bondelag ein rogalandsbonde.

- Eg er van med å ha publikum veldig, veldig nær. Då må ein som bonde ta hensyn, seier Karl Anders, best kjent som Kalle, sitjande i stova heime på Ullandhaug i Stavanger.

Her er han sjølv oppvaksen. Etter ti år vekke kom han han heim for å ta over garden og har slått rot på Ullandhaug med kone og tre barn frå fem til 11 år.

- Bonde var noko eg alltid hadde hatt med meg i tankane at eg skulle bli, seier 41-åringen.

Viser fram drifta

Ullandhaugbonden har naboar på alle kantar. Mange nyttar også området til å gå tur og som bonde er Kalle både van til å ta omsyn til andre heile tida. Kalle trivst med å ha folk tett på og inviterer både skuleklassar og barnehagar på gardsbesøk. I tillegg opnar han garden for dei som vil sjå kuslepp om våren og har kvar førjulstid nissefest på låven.

- For meg er det like viktig å visa korleis produksjonen går føre seg, som sjølve produksjonen, seier Kalle.

Han meiner det er utruleg viktig at barn og unge får sjå med eigne auge korleis maten blir til, og meiner han, med sin plassering, har ei viktig rolle i dette arbeidet.

- Eg meiner det er viktig å oppretthalda desse bynære gardane. Jo fjernare folk er frå ein grøn lapp, ei gulrotmark eller korn, jo fjernare blir også tanken om jordvern, meiner han.

- Ryk litt kvart år

Kalle eig 80 mål jord rundt eigen gard, men leiger i tillegg rundt 220 mål jord av andre. Han opplever lite press på eiga jord.

- Men kvart år ryk det stadig litt av det eg leiger, fortel han.

Eg meiner det er viktig å oppretthalda desse bynære gardane. Jo fjernare folk er frå ein grøn lapp, ei gulrotmark eller korn, jo fjernare blir også tanken om jordvern

I fjoset står rundt 25 mjølkekyr. I tillegg driv Kalle kjøptproduksjon på garden.

- Det kan bli litt einsamt å vera bonde. Eg må ha litt sosialt utanom, seier Kalle.

Derfor har han 40 % stilling som sekretær i Senterpartiet og er også i tillegg ein engasjert lokalpolitikar, der han blant anna er leiar av Hillevåg bydelsutval.

- Eg tykkjer det er kjekt å driva med politikk. Men det er også eit bevisst val. Det er ein måte å halda seg oppdatert på kva som skjer, seier han.