Om få dagar opnar stemmelokala for Stortingsvalet 2017. Mange har allereie førehandsstemt, men det er mandag 11. september som er den store dagen.

Tok valkampen til gards

Sidan i sommar har Rogaland bondelag hatt mykje kontakt med politikarar som ønskjer å vera med på å bestemma dei neste fire åra. Leiar Marit Epletveit har kokt mang ei kanne kaffi, funne fram fjosdressar til låns og invitert til gards. Mange tok også oppfordringa til SV-politikar Solfrid Lerbrekk om å prøva seg på handmjølking av ku.

I debattar med landbrukstema har politikarar frå heile fylket snakka seg varme om sin politikk, men også måtta svara på vanskelege spørsmål.

- Me vil takka alle som har stilt opp på både gardsbesøk og debattar og ynskja alle lukke til med valet, seier Epletveit.

Mandag blir ein spanande dag, men tida etter valet blir minst like spanande. Kven skal samarbeida? Korleis blir politikken?

- Me håpar at den gode tonen og det gode samarbeide me har hatt med politikarane i valkampen vil halda fram også etter valet, legg Epletveit til.

Fjosdøra er alltid open for politikarar som vil diskutera landbrukspolitikk.

- Bruk stemmeretten

Rogaland bondelag oppfordrar alle til å bruka stemmeretten sin.

Ønskjer du eit skifte? Eller ønskjer du å halda fram med noverande regjering? Meiningsmålingane har skifta mykje gjennom valkampen, men kanskje er den aller største gruppa dei som allereie ikkje har bestemt seg og lurer på om dei i det heile tatt skal stemma. Nå er det på tide å krypa ned frå "veit ikkje"-gjerde, finna det partiet som stemmer best med eigne meiningar og ta turen til vallokalet på mandag.

Godt va!l