Bonden på Gladmat

Av Jorunn Erga Steinsland,
  • Tips en venn om denne siden

Rogaland bondelag skal for fyrste gong ha stand på Gladmat-festivalen i Stavanger.
Rogaland bondelag skal for fyrste gong ha stand på Gladmat-festivalen i Stavanger.

I år stiller rogalandsbonden på Gladmaten. Kom gjerne innom på besøk.

Rogaland bondelag skal for fyrste gong ha stand under Gladmat-festivalen i Stavanger frå 19. – 22. juli. Standen blir på torget og består av både eit telt, eit drivhus og eit grindabygg.

Aktivitet og informasjon

Målet med standen er å visa fram landbruket og kor maten me et kvar dag kjem frå.

Det vil bli selt beger med tomatar, men elles er standen vår ein aktivitets- og informasjonsstand med gilde aktivitetar for store og små. I tillegg kan publikum få svar på det ein måtte lura på om rogalandslandbruket.

Kanskje blir det du som stikk av med premien for raskaste mjølking? Eller har du lyst til å sjå korleis tomatane veks i drivhuset, dra opp ei heilt fersk gulrot av jorda eller læra meir om kva kua et?

Eller kanskje du vil prøva deg på quizen vår om rogalandslandbruket? Ungane kan få fargeleggja ein stilig dyrefigur eller kosa seg med kjekke oppgåver i dyrebøkene våre mens store og små kosar seg med lokalprodusert mat frå Rymat eller nokre av dei andre spanande standane på torget.

Tevling og fotovegg

Me skal også ha ein flott fotovegg med mange rekvisittar og BU skal visa fram korleis dei lagar konkurranse ut av ost og spekemat.

Anten du er bonde og vil slå av ein drøs med kollegaer eller bare er ein nysgjerrig og matglad gladmatgjest, er du hjarteleg velkommen til vår stand.

Gladmatstanden er støtta av Fylkesmannen i Rogaland, Rogaland landbruksselskap og Samarbeidsrådet i Rogaland.

Stå på stand?

Er du medlem i Rogaland bondelag og har nokre timar å avsjå mellom 19.-21 juni, er du velkommen til å delta på standen. Ta kontakt på rogaland@bondelaget.no og skriv når du kan. Me har behov for nokre blide fjes og flinke hender til. Dette blir gildt!

Er du rammet av tørka?

Denne sommerens tørke rammer bønder i hele landet. Norges Bondelag følger situasjonen tett, og det jobbes med å finne gode løsninger sammen med myndighetene og Småbrukarlaget.

Bondens Marked søker flere produsenter

Bondens marked planlegger to nye prøvemarkeder i Stavanger i år, 16. juni og 16. september, og arrangerer produsentkurs 23. mai i Stavanger og 24. mai i Haugesund.

besøk nordland

Besøk av Nordland Bondelag

Fra tirsdag 10.-torsdag 12. april har Rogaland Bondelag hatt besøk av styret og ansatte fra Nordland Bondelag. Dagene har bestått av diverse gårdsbesøk, møte og god drøs med god mat.

Debattmøte om dyrevelferd

Interessen for maten vi spiser og måten den blir produsert på øker. Mattilsynet sin tilsynskampanje i svinenæringa i Rogaland var tema i lokale, regionale og nasjonale media. I samarbeid med Bondevennen inviterte Nationen til debatt om dyrevelferd på Garborghuset på Bryne, onsdag 21. mars.

Våre samarbeidspartnere