Bondeaksjon i Bjerkrem - tok hatten av for bøndene

Av Jorunn Erga Steinsland,
  • Tips en venn om denne siden

Hatten av for landbruket. Bjerkreim bondelag la ned caps framfor kommunehuset tysdag kveld.
Hatten av for landbruket. Bjerkreim bondelag la ned caps framfor kommunehuset tysdag kveld.

- Med staten sitt forslag vil bønder i Bjerkreim ha ein massiv nedgang på innmarksbeite og arealtilskot, seier leiar i Bjerkreim bondelag, Bente Gro Milwertz Slettebø.

Tysdag 16. mai vart det brot i jordbruksforhandlingane.

- Regjeringa viser inga vilje til å satsea på landbruket, og følgjer ikkje opp Stortinget sin landbrukspolitikk.  Me kan ikkje skriva under på ein jordbruksavtale som bidrar til å svekka norsk matproduksjon, seier Lars Petter Bartnes, leiar i Norges bondelag.

Få timar etter brotet samla bønder i Bjerkreim seg ved Bjerkreim kommunehus.

- Dei rundt 30 som møtte på markeringa av brudd var einige i at det var eit ufattelig tilbud staten hadde lagt på bordet. Ingen hadde problem med å forstå brotet, seier leiar i Bjerkreim bondelag, Bente Gro Milwertz Slettebø.

Ho viser til at dei bøndene i Bjerkreim som har rekna på korleis staten sitt forslag vil slå ut for dei, alle går ned mellom 32000 og 67000 kroner i inntekt.

- Grunnen er massiv nedgang på innmarksbeite og arealtilskot på grunn av sonen me er i. Kraftfôrprisen utgjer mykje, seier Milwertz Slettebø.

Bøndene tok hatten av for landbruket og la capsar ned ved kommunehuset for å symbolisera alle dei som har sitt levebrød i landbruket i kommunen.

- Å redusera inntektsgapet mellom bønder og andre grupper er ikkje mogleg med dette tilbodet. Nå må Stortinget ta ansvar, er den klare talen frå bjerkreimsbøndene.

Dei er klare for fleire aksjonar.

- Men i morgon feirar med 17. mai og Norge, slår Milwertz Slettebø fast.
 

Bondens Marked søker flere produsenter

Bondens marked planlegger to nye prøvemarkeder i Stavanger i år, 16. juni og 16. september, og arrangerer produsentkurs 23. mai i Stavanger og 24. mai i Haugesund.

besøk nordland

Besøk av Nordland Bondelag

Fra tirsdag 10.-torsdag 12. april har Rogaland Bondelag hatt besøk av styret og ansatte fra Nordland Bondelag. Dagene har bestått av diverse gårdsbesøk, møte og god drøs med god mat.

Debattmøte om dyrevelferd

Interessen for maten vi spiser og måten den blir produsert på øker. Mattilsynet sin tilsynskampanje i svinenæringa i Rogaland var tema i lokale, regionale og nasjonale media. I samarbeid med Bondevennen inviterte Nationen til debatt om dyrevelferd på Garborghuset på Bryne, onsdag 21. mars.

Usemje om ny gjødselvareforskrift

Landbruksdirektoratet la i sist veke ut forslag på ny forskrift om lagring og bruk av husdyrgjødsel. På viktige punkt for vårt fylke er det usemje mellom Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet.

Våre samarbeidspartnere