Rogalandsbonden
Ingen andre fylke produserer meir mat enn Rogaland.
Jordbruket i Rogaland har ei verdiskaping på 2,7 milliardar kroner i året.
Samla verdiskaping frå jordbruk, skogbruk, tilleggsnæring og den landbruksbasert industrien som er avhengig av landbruket er 5,6 milliardar.
Kvar veke presenterer Rogaland bondelag ein rogalandsbonde.

Hovudgeskjeften for Haugen gard er mjølk- og kjøtproduksjon. I tillegg har ekteparet dei siste 13 åra vore eit alternativ til barn og unge som treng ein pause frå skulekvardagen.

To dagar i veka tek dei i mot skuleelevar. Kari Synnøve er lærar og har arbeidd fleire år i vanleg skule.

- Ho såg at ein del elevar ikkje heilt passa inn i det A4-mønsteret skulen kan vera og tenkte garden kunne vera ein arena dei kunne meistra litt meir. Målet er at alle skal få til noko, fortel Jan Idar.

Haugen gard sel skuletilbodet sitt til kommunane Vindafjord og Etne. Tilbodet blir nytta av mellom- og ungdomstrinnet.

 

-Spanande

Sjølv om det er kona som har hovudansvaret, er Jan Idar også ein sjølvsagt del av undervisningsopplegga.

- Det er utruleg kjekt å få elevar inn på garden. Som bonde får ein eit større sosialt nettverk rundt seg. Bondeyrket er jo i dag litt einsamt. Men samstundes så er det også litt slitande å alltid vera klar til å ta i mot elevar. Du må omstilla deg raskt og ha overskot til å gi av deg sjølv. Men aller mest, så er det spanande, seier Jan Idar.

I tillegg til ekteparet har gardsskulen også andre personar knytta til seg, blant anna ein mekanikar, slik at elevane også kan få vera med på noko mekanisk arbeid, som å skru i ein traktor.

Garden har også eit dagtilbod for heimebuande demente ein dag i veka.

Det er dette eg er fødd til.

Fødd med støvlane på

Jan Idar har utdanning innan økonomi og administrasjon, men har alltid visst at det var bonde han skulle bli. Medan andre meiner seg fødde med ski på beina, spøker Jan Idar med at han må ha kome til verda med støvlar.

- Eg er oppvaksen her og var odelsgut på garden. Det er dette eg er fødd til, meiner Jan Idar, som arbeidde eit-par år med andre ting før han overtok garden.

Etter kvart kom fem ungar til verda. I dag er dei to eldste på 22 og 20 flytta ut for å studera.

 

Mangedobla drift

Jan Idar og Kari Synnøve driv i samdrift, der det er dei som har det meste av ansvaret for å drifta garden. Med 200 storfe, 60 mjølkekyr, 140 ungdyr, 200 slaktegris, 100 søyer og 100 sauer er det nok å hengja fingrane i. For å få alt til å gå rundt har garden ein fulltidstilsett utanom.

- Garden i seg sjølv er liten, men produksjonen er stor.  Me er avhengig av leigejord og at andre produserer fôr for oss, seier bonden.

Ekteparet tok over garden i 1993. Mykje har endra seg sidan då.

- Drifta er mangedobla. Då eg tok over var det rundt 20-25 mjølkekyr. I dag har me 60. Me dreiv lenge på gamlemåten i båsfjos, fortel bonden. Men for ti år sidan stod dei ved eit vegskilje. Valet vart å satsa i samdrift med naboen og byggja nytt lausdriftsfjos. Haugen dreiv også lenge med rev, men avslutta pelsdyrdrifta då han valde å byggja nytt fjos.