Bonde med skule på garden

Av Jorunn Erga Steinsland,
  • Tips en venn om denne siden

Jan Idar og Kari Synnøve Haugen driv Haugen gard i Skjold i Vindafjord.
Jan Idar og Kari Synnøve Haugen driv Haugen gard i Skjold i Vindafjord.

På Haugen gard i Skjold i Vindafjord er det plass til både folk og fe. I tillegg til Jan Idar Haugen, kona Kari Synnøve og fem barn, er garden husly for både kyr, sauer, griser, ender, marsvin, kaninar, geiter og hestar.

Rogalandsbonden
Ingen andre fylke produserer meir mat enn Rogaland.
Jordbruket i Rogaland har ei verdiskaping på 2,7 milliardar kroner i året.
Samla verdiskaping frå jordbruk, skogbruk, tilleggsnæring og den landbruksbasert industrien som er avhengig av landbruket er 5,6 milliardar.
Kvar veke presenterer Rogaland bondelag ein rogalandsbonde.

Hovudgeskjeften for Haugen gard er mjølk- og kjøtproduksjon. I tillegg har ekteparet dei siste 13 åra vore eit alternativ til barn og unge som treng ein pause frå skulekvardagen.

To dagar i veka tek dei i mot skuleelevar. Kari Synnøve er lærar og har arbeidd fleire år i vanleg skule.

- Ho såg at ein del elevar ikkje heilt passa inn i det A4-mønsteret skulen kan vera og tenkte garden kunne vera ein arena dei kunne meistra litt meir. Målet er at alle skal få til noko, fortel Jan Idar.

Haugen gard sel skuletilbodet sitt til kommunane Vindafjord og Etne. Tilbodet blir nytta av mellom- og ungdomstrinnet.

 

-Spanande

Sjølv om det er kona som har hovudansvaret, er Jan Idar også ein sjølvsagt del av undervisningsopplegga.

- Det er utruleg kjekt å få elevar inn på garden. Som bonde får ein eit større sosialt nettverk rundt seg. Bondeyrket er jo i dag litt einsamt. Men samstundes så er det også litt slitande å alltid vera klar til å ta i mot elevar. Du må omstilla deg raskt og ha overskot til å gi av deg sjølv. Men aller mest, så er det spanande, seier Jan Idar.

I tillegg til ekteparet har gardsskulen også andre personar knytta til seg, blant anna ein mekanikar, slik at elevane også kan få vera med på noko mekanisk arbeid, som å skru i ein traktor.

Garden har også eit dagtilbod for heimebuande demente ein dag i veka.

Det er dette eg er fødd til.

Fødd med støvlane på

Jan Idar har utdanning innan økonomi og administrasjon, men har alltid visst at det var bonde han skulle bli. Medan andre meiner seg fødde med ski på beina, spøker Jan Idar med at han må ha kome til verda med støvlar.

- Eg er oppvaksen her og var odelsgut på garden. Det er dette eg er fødd til, meiner Jan Idar, som arbeidde eit-par år med andre ting før han overtok garden.

Etter kvart kom fem ungar til verda. I dag er dei to eldste på 22 og 20 flytta ut for å studera.

 

Mangedobla drift

Jan Idar og Kari Synnøve driv i samdrift, der det er dei som har det meste av ansvaret for å drifta garden. Med 200 storfe, 60 mjølkekyr, 140 ungdyr, 200 slaktegris, 100 søyer og 100 sauer er det nok å hengja fingrane i. For å få alt til å gå rundt har garden ein fulltidstilsett utanom.

- Garden i seg sjølv er liten, men produksjonen er stor.  Me er avhengig av leigejord og at andre produserer fôr for oss, seier bonden.

Ekteparet tok over garden i 1993. Mykje har endra seg sidan då.

- Drifta er mangedobla. Då eg tok over var det rundt 20-25 mjølkekyr. I dag har me 60. Me dreiv lenge på gamlemåten i båsfjos, fortel bonden. Men for ti år sidan stod dei ved eit vegskilje. Valet vart å satsa i samdrift med naboen og byggja nytt lausdriftsfjos. Haugen dreiv også lenge med rev, men avslutta pelsdyrdrifta då han valde å byggja nytt fjos.

 

Bondens Marked søker flere produsenter

Bondens marked planlegger to nye prøvemarkeder i Stavanger i år, 16. juni og 16. september, og arrangerer produsentkurs 23. mai i Stavanger og 24. mai i Haugesund.

besøk nordland

Besøk av Nordland Bondelag

Fra tirsdag 10.-torsdag 12. april har Rogaland Bondelag hatt besøk av styret og ansatte fra Nordland Bondelag. Dagene har bestått av diverse gårdsbesøk, møte og god drøs med god mat.

Debattmøte om dyrevelferd

Interessen for maten vi spiser og måten den blir produsert på øker. Mattilsynet sin tilsynskampanje i svinenæringa i Rogaland var tema i lokale, regionale og nasjonale media. I samarbeid med Bondevennen inviterte Nationen til debatt om dyrevelferd på Garborghuset på Bryne, onsdag 21. mars.

Usemje om ny gjødselvareforskrift

Landbruksdirektoratet la i sist veke ut forslag på ny forskrift om lagring og bruk av husdyrgjødsel. På viktige punkt for vårt fylke er det usemje mellom Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet.

Norges Bondelag sitt representantskap

Norges Bondelag sitt representantskap er nå samla i Oslo for å legge strategien før årets landbruksforhandlingar. Fylkesleiar Marit Epletveit var først på talarstolen når det blei opna for generell debatt på krava til jordbruksforhandlingane.

Pelsdyr-debatt på Klepp Bibliotek

I samarbeid med Klepp bibliotek og Bondevennen inviterte Nationen til debatt om pelsdyrnæringa. Møtet ble holdt på Klepp Bibliotek i går kveld.

Styretur til Egersund

Styret har kommet kjapt i gang med styrearbeidet etter årsmøtet og har vært på styretur til Egersund. Sveinung Svebestad var med å styrte prosessen. På agendaen stod blant annet fordeling av representanter til ulike utvalg i Rogaland Bondelag. Det ble også tid til en tur på kino i Egersund.

Matjord bør vernes – også på Fagerheim

I Norge er bare 3 prosent totalt egnet til å dyrke mat i. Vi er derfor for bevaring av all matjord i Haugesund, og mot reguleringen av Fagerheim som ramme for utvikling av en ny bydel, skriver Nini Hæggernes fra Miljøpartiet De Grønne Haugesund i dette leserinnlegget.

Våre samarbeidspartnere