19. mars inviterer Rogaland fylkeskommune, KS Rogaland, Rogaland bondelag, Samarbeidsrådet for landbruksorganisasjonane, NHO Rogaland, LO Rogaland og Fylkesmannen i Rogaland til landbrukspolitisk konferanse på Clarion hotell Stavanger.

 

Ein møteplass

Konferansen er ein møteplass for landbruket og alle i landbruket si verdikjede, politikare på alle nivå, forvaltninga og alle som er interesserte i landbruket.

Kva skal til for å sikre ei berekraftig utvikling og eit utvida verdifokus i landbruket? Akkurat som diamanten må næringa fram i lyset og foredlast for å glitra!

 

Viktig næring

Landbrukets verdikjede er ein stor og viktig næring. I Rogaland er 10 000 sysselsette i den grøne matproduksjonen. Verdiskapinga er på heile 5,6 milliardar kroner årleg. I tillegg kjem milliardverdiar som blir skapte i leverandørindustrien i heile fylket.

Landbruk er meir enn mat og det som skapast, kan ikkje berre målast i klingande mynt. Vi set fokus på kva mangfald landbruket bidreg med i eit berekraftperspektiv.

Meir informasjon om konferansen, program og påmelding finn du her.