Innmarksbeite er inngjerda areal med 50% kulturgras som blir beita og  ikkje kan haustas maskinelt. I Norge har me 1 530 000 daa godkjent innmarksbeite. 30% av innmarksbeite i Norge ligg i Rogaland.

Godt stelt innmarksbeite gir ca. 250  FEm pr. daa. Dyrka grasmark til slått gir    ca. 500 FEm pr. daa.

Men kulturbeiter laga seg ikkje sjølv…….

Det krevs beitedyr –det må lønna seg å ha dyr ute på beite framfor å ha dei inne på intensiv-foring.

Det krevs og ein fornuftig rovdyrpolitikk. Beitande husdyr og bøndene deira trives dårleg i områder der rovdyr er freda.

Å rydda, gjerda inn, gjødsla og så nye beiter er dyrt og arbeidskrevande.  Å få den nye kulturen til å etablera seg kan ta tid.

Me treng å stimulera til etablering av nye beiteareal og auka bruk av beite, for å sko landet for framtida.

Klima

Beite er klimasmart fordi det binde mykje karbon. Det avgir ikkje  co2 ved pløying. (Det blir ikkje pløyd). Det blir direktehausta utan bruk av fossilt brensel. Beitegraset dekker jorda godt og held på karbonet bedre enn skogbotn der det er større karbonflukt.Intensivbeiting gjer at veksten er ung og frisk og ikkje avgir co2 ved råtning.

-Beiting er matproduksjon på Norske ressursar.

-Beiting er god dyrevelferd

-Beiting er klimasmart

-Beiting er kulturlandskap

-Me må halda landet i hevd!