- Alvorleg for rogalandsbonden

Av Jorunn Erga Steinsland,
  • Tips en venn om denne siden

Staten vil flytta tilskot for innmarksbeite over til utmarksbeite. Biletet er frå Bjerkreim og viser tydeleg skiljet mellom gjødsla kulturbeite og utmarksbeite.
Staten vil flytta tilskot for innmarksbeite over til utmarksbeite. Biletet er frå Bjerkreim og viser tydeleg skiljet mellom gjødsla kulturbeite og utmarksbeite.

Staten vil kutta støtta til innmarksbeite og auka kraftfôrprisen med 12 ører per kilo.

- Dette er alvorleg for rogalandsbonden, slår leiar i Rogaland bondelag, Marit Epletveit fast.

Rogaland har rundt 500.000 dekar innmarksbeite. Mange gardsbruk i fylket har bare innmarksbeite og står i fare for å mista mange tusenlappar i støtte.

- Langt i frå godt nok

Staten foreslår ei delvis kompensasjon for kutt i beitetilskotet.

- Men fleire bønder vil likevel tapa på dette, så det er langt i frå godt nok, seier Epletveit, som sjølv vil mista rundt 20.000 kroner i året i støtte.

Ho fryktar at mange på sikt vil velja å la kulturbeitene gro igjen då det ikkje vil løna seg å halda dei ved like.

Det er geografisk forskjellar i kuttforslaget. Dei som kjem dårlegast ut i heile landet når det gjeld kompensering av kuttet i beitetilskotet er bønder i Hå, Time, Klepp, Sola, Sandnes, Randaberg og Stavanger. Grunnen til dette er at desse kommunane er i ei eiga tilskotsgruppe.

Vil auka kraftfôrprisen

Staten foreslår også å auka kraftfôrprisen med 12 ører per kilo.

- Dette går mest ut over dei som driv med gris, egg og kylling, men også bønder med storfe og sau blir ramma, seier Epletveit.

Ein bonde som har 200 gris vil få ei ekstra kostnad i året på 8000-10.000 kroner.

Stor avstand

Avstanden mellom landbruket og staten i årets jordbruksoppgjer er førebels stor. Kravet frå landbruket har ei økonomisk ramme på 1450 millionar. Ramma for tilbodet frå staten er på 410 millionar kroner.

- Eg hadde forventa meir. Skal me tetta inntektsgapet slik Stortinget har vedtatt, treng me meir, seier Epletveit.

 

Er du rammet av tørka?

Denne sommerens tørke rammer bønder i hele landet. Norges Bondelag følger situasjonen tett, og det jobbes med å finne gode løsninger sammen med myndighetene og Småbrukarlaget.

Bondens Marked søker flere produsenter

Bondens marked planlegger to nye prøvemarkeder i Stavanger i år, 16. juni og 16. september, og arrangerer produsentkurs 23. mai i Stavanger og 24. mai i Haugesund.

besøk nordland

Besøk av Nordland Bondelag

Fra tirsdag 10.-torsdag 12. april har Rogaland Bondelag hatt besøk av styret og ansatte fra Nordland Bondelag. Dagene har bestått av diverse gårdsbesøk, møte og god drøs med god mat.

Debattmøte om dyrevelferd

Interessen for maten vi spiser og måten den blir produsert på øker. Mattilsynet sin tilsynskampanje i svinenæringa i Rogaland var tema i lokale, regionale og nasjonale media. I samarbeid med Bondevennen inviterte Nationen til debatt om dyrevelferd på Garborghuset på Bryne, onsdag 21. mars.

Våre samarbeidspartnere