Å elske en bonde

Av Marianne Osmundsen,
  • Tips en venn om denne siden

Visste du at at ein deltakande partnar kan ha stor betydning for trivsel, motivasjon og økonomisk resultat på ein gard? Det er nå forska på å funne at stemmer. Korleis verta / få ein deltakande partnar? Legg til rette, be om , set ord på ynskjer, avklar roller og forventningar, la bonderomantikken blomstra. Dette var berre noko av det som vart presentert for dei rundt 70 som deltok på konferansen "Å elske en bonde" 10. desember i Oslo.

At normer i endring påverkar nedlegginga av gardsbruk i stor grad, på lik linje med landbrukspolitikk, vart og bekrefta. Å bu i eit område med mykje nedlegging påverka negativt gardane rundt. Dei som budde i dei områda hadde oftare tenkt at "eg sluttar" enn andre i område der talet var stabilt.  Ein bondefar i 2015 har forventningar knytt til seg som er ganske annleis enn dei ein bondefar i 1960 hadde. I 1960 kom ungane ut til faren, såg på han, lærte av han, og faren hadde eit ynskje om at garden gjekk vidare til neste generasjon. Bleier var ikkje hans område. I 2015 forventar bondefaren av seg sjølv at han og skal delta i bleieskift, fotballkøyring mm. Ungane kjem ikkje ut og er med på arbeidet som tidlegare. Oppgåvene dei kan vera med på er færre, samt at dei har "artigare" ting å holda på med. Bondefaren ynskjer ikkje å påverka ungane i valet om å ta over garden. Kjekt om dei vil bu der, men treng ikkje driva..
At ungane får delta i gardsarbeidet i alderen 12-15 år var bevist var positivt for rekrutteringa.

Bondelagsleiar Bartnes fortalte opent om korleis han og kona driv i lag. Dei ynskja å lausriva seg frå forventningane familie og bygd hadde til at dei skulle gjera som foreldra hans. Dei var opne på at dei ynskja å driva garden og gjera dei endringane dei ynskja. Og gjekk det ikkje var løysinga å selja. Han fortalte om kor viktig det var for dei å planlegga ting rundt drifta i lag. At kona gjorde krav på å få delta, jaga han av traktoren innimellom for å få prøvd seg ho og. Sårheten når det kun var plass til eit namn på juridiske dokument mm. Å høyra til, verta rekna med og bety noko er avgjerande for ynskje om å involvera seg.

Å pleia forholdet - gjerne på samlivskurs, ta pausar og reisa vekk på ferie vart trekt fram som viktige element. Å ha ein samboaravtale om ein valgte å leva saman utan å gifta seg var avgjerande for ei trygg framtid  for den som kom til gards. Damene var dårlege på å ta ansvar for dette. Dei har trua på kjærleiken vart det sagt. Men går den over risikerer ein eit vondt oppgjer, der ein har lite rettighetar om ein har pløyd inn pengar i drifta utan å skriva noko om eit evt oppgjer om det skulle ta slutt.

Det er eit ynskje i næringa om eit større fokus på parforhold i landbruket. Ein vil rusta bondepara til å halda saman, pleia forholdet og vera bevisste på utfordringane og gledene ved å bu på gard i lag. Korleis dette skal gjerast er ikkje avgjort enda. Men Karin Hovde ved KUN er klar til å leggja til rette for tiltak for å auka kunskapen om temaet i det ganske land. 
Noko kvar og ein kan gjera i fyrste omgang er å invitera med partnaren på eit samlivskurs. Det er ei investering detog. Og ikkje av det dyraste slaget heller.


 

Bente Gro M. Slettebø

Er du rammet av tørka?

Denne sommerens tørke rammer bønder i hele landet. Norges Bondelag følger situasjonen tett, og det jobbes med å finne gode løsninger sammen med myndighetene og Småbrukarlaget.

Bondens Marked søker flere produsenter

Bondens marked planlegger to nye prøvemarkeder i Stavanger i år, 16. juni og 16. september, og arrangerer produsentkurs 23. mai i Stavanger og 24. mai i Haugesund.

besøk nordland

Besøk av Nordland Bondelag

Fra tirsdag 10.-torsdag 12. april har Rogaland Bondelag hatt besøk av styret og ansatte fra Nordland Bondelag. Dagene har bestått av diverse gårdsbesøk, møte og god drøs med god mat.

Debattmøte om dyrevelferd

Interessen for maten vi spiser og måten den blir produsert på øker. Mattilsynet sin tilsynskampanje i svinenæringa i Rogaland var tema i lokale, regionale og nasjonale media. I samarbeid med Bondevennen inviterte Nationen til debatt om dyrevelferd på Garborghuset på Bryne, onsdag 21. mars.

Våre samarbeidspartnere