Rogalandsbonden
Ingen andre fylke produserer meir mat enn Rogaland.
Jordbruket i Rogaland har ei verdiskaping på 2,7 milliardar kroner i året.
Samla verdiskaping frå jordbruk, skogbruk, tilleggsnæring og den landbruksbasert industrien som er avhengig av landbruket er 5,6 milliardar.
Kvar veke presenterer Rogaland bondelag ein rogalandsbonde.

Jon Line driv gard på Line i Time. Han har både, høner, sauer og mjølkeproduksjon – og så to griser for trivselen si skuld.

- Eg liker å tenkja mulegheiter. Det å prøva nye ting er spanande, seier Jon og fortel at han i veke 27 skal i gang med å gi hønene tilgang til silo.

- Tanken er at det skal vera ein aktivitet som aukar trivselen og som igjen fører til mindre hakking. I tillegg skal visst plomma i egget bli endå gulare. Så dette gler eg meg til å testa, seier bonden, som heile tida higar etter å driva best muleg. Det kjekkaste han kan høyra er kommentarar som at egga frå Line smakar aller best. Då har han ein god dag på jobben.

Jon har full konsesjon på høns og har 7500 frittgåande høner. Hønshuset vart bygd i 2012.

- Av og til gjer eindei rette vala og av og til ikkje. Eg er glad for at valde frittgåande nå, seier han.

Trivselsgriser

I tillegg til høns har garden 60 mjølkekyr, 25 sauer og til nå i vår 50 lam.

I kjellaren i den gamle løa står to griser.

- Dei har eg mest for trivselen. Me har alltid to griser. Det er vel stort sett bare eg i familien som tykkjer det er gildt, flirer bonden.

Når dei er store nok blir dei levert til slakt.

- Me tar dei i retur. Dei går rett i fryseboksen min, og litt i naboen sin, seier Jon.

Han meiner alle skulle hatt to griser.

- Dei et stort sett søppelet vårt. Men fleire enn to blir for mange, seier han.

- Dette passar vår kvardag

Garden på Line har rundt 350 mål jord. Med leigejorda driv bonden rundt 1000 mål.

- Eg kjøpte nyleg noko eg har leigd i mange år av naboen. Det beste med å utvida og bli større er at eg kan ha ein fulltidstilsett dreng, slår Jon fast og meiner han då som bonde står litt friare, til dømes nå i konfirmasjonstidene.

 - Det er fordel med å vera stor. Det er lettar å organisera og passar vår kvardag, seier han.

Garden tok han og kona, Heidi, over i år 2000. Ho har arbeid utdanom, men er mykje med i drifta.

Stor aktivitet

Garden på Line har ei gammal løe. Denne er mykje i bruk. Ikkje få gonger er alt som krypa og gå av vennar, kjende og sambygdingar inviterte og samla. Blant anna har ungane på garden, saman med naboungar fleire gonger invitert til nissefest med innsamling til Redd Barna. Ein av hovudatraksjonane er å få krypa i ein høylabyrint og blant anna få helsa på grisungane.

- Bøndene må ha gode vilkår

Det låg i korta at Jon Line skulle bli bonde. Han var den ungen som alltid leika med traktorar og interessa avtok ikkje med åra. Han er framleis brennande engasjert i det å driva ein gard best muleg, at dyra skal ha det best muleg og at resultatet skal bli best muleg. Då meiner han at det er avgjerande at bøndene har gode forhold og at dette vil få ringverknader langt utover gardsgrensene.

- Viss bøndene har gode forhold, vil ein tenkja på å utvida, på å testa nye maskinar og utvikla seg vidare. Dette vil igjen skapa betre kår for mange. Det er mange som er avhengige av bøndene, seier Jon Line, og legg til at for han er ikkje plent fokuset å veksa.

- Det er vel så mykje å bli flinkare og gjera ting me gjer i dag betre, seier han.  

Bare i Rogaland er verdiskapinga i landbruket 2,7 milliardar kroner. Tek ein med alle som på ein eller annan måte er avhengige av landbruket, er verdiskapinga heile 5,6 milliardar.