Tekstforfattar: Bente Gro Slettebø

Rogaland Bondelag hadde 3 representantar blant dei rundt 80 deltakarane som fekk servert eit variert program. Dei frammøtte fekk bl.a høyra Sveinung Svebestad sine tankar rundt framtida for norsk landbruk og det grøne skiftet. Dei fekk høyra ei nyleg pensjonert Borghild Fiskå fortelja om korleis mat vart eit tema i Stavanger Aftenblad tidleg på 80-talet. Og dei fekk høyra Bjarne Brøndbo, frontfigur i DDE, om at livet er her og nå, og utdanning eller ikkje - det viktigaste for alle er å koma seg opp om morgonen, møta på arbeid og gjera jobben sin. Det vart ein dag der dei kloke hendene stod i fokus - dei som gjer ein jobb med hendene - og landbruket fekk hovudfokuset.

I løpet av dagen fekk deltakarane på seminaret høyra 5 landbrukspolitiske grep frå kvart av 8 av partia som stiller til val til fylkestinget. Arne Bergsvåg, SP, Margrethe Dysjaland, FRP, Heidi Bjerga, SV, Marianne Chesak, AP, Anja B. Endresen, V, Elin Scanche, H, Solveig Ege Tengesdal, KRF, og Jon Torger Hetland Salte, MDG, hadde alle jordvern som eit grep dei ville ta. Alle hadde grep dei meinte ville føra landbruket inn i framtida, og sjølv om dei var samstemte om mykje var nokre av verkemidlene ulike.
Seminaret blei avslutta med debatt med spørsmål frå salen. Politikarane blei utfordra på bl.a om kommunesamanslåing ville vera positivt for jordvernet og om auka konsesjonsgrenser vil gå utover distriktslandbruket, og kva verkemidler ein kan bruka i distrikta for å halda produksjonen der. Mange av bøndene på Finnøy var naturlegvis opptekne av kva ein kan gjera for dei grøntprodusentane som ser ut til ikkje å få levert varene sine i framtida. Redaktør i Øyposten, Jon Asgaut Flesjå var debattleiar. Han avrunda debatten med ei betraktning om at det kan sjå lysare ut for norsk landbruk med bakgrunn i det politikarane hadde sagt denne dagen.

Tomatfestivalen på Finnøy skal ha honnør for å setja eit positivt fokus på landbruk. Det er viktig for næringa at politikarane meiner noko om landbrukspolitikken. Og det er motiverande å høyra Fiskå trekkja fram idear som kan setja matfylket Rogaland endå meir på kartet, med bl.a Måltidets hus som kan romma endå meir. Det er og motiverande å høyra betraktningar frå sentrale personar i næringskjeda, samt kjendisen Brøndbo som poengterte at graset er grønt for alle, alle er like mykje verdt, alle jobbar som vert gjort med hendene er viktige jobbar.

Seminaret er ein tradisjon og det kan anbefalast å ta turen til neste år.