Møtet vert halde på rådhuset i Valldal tysdag 3. april kl. 11.00–14.00

Jerven herjar i saueflokkane i Norddal kommune. Sidan 2010 har rovdyrtapa på Indre Sunnmøre auka kraftig til eit nytt toppnivå i 2017. Berre i fjor mista sauebønder i Eidsdal over 100 lam, medan bønder på nordsida av fjorden tidlegare år har hatt store tap.

I vinter har det vore lisensjakt på jerv, utan at jegerane har greidd å ta ut skadedyr, og bøndene i distriktet fryktar for kva som kan skje når dei til sommaren slepper dyra ut på beite.

For beitenæringane er kontroll med rovviltbestandane avgjerande, og bondeorganisasjonane har peika på at det ikkje er godt nok at bestandsreguleringa blir overlate til tilfeldig frivillig jakt. Dette handlar om framtida for ei viktig næring i distriktet vårt.

Til møtet kjem Frank Sve, medlem av Rovviltnemnda i region 6, som har ansvaret for rovviltforvaltninga i regionen vår.

Astrid Buset og Marianne Aas Halse kjem frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal for å fortelje om jerveforvaltninga i Møre og Romsdal, om bestandsstatus, felling og rovviltskadar på sau.

Lars Olav Lund frå Statens naturoppsyn orienterer om deira rolle i jerveforvaltninga og om kartlegginga av jerv i fjellområda våre.

Oddvar Mikkelsen, leiar i Møre og Romsdal bondelag, og Atle Frantzen, førstekonsulent ved fylkeskontoret til Møre og Romsdal bondelag, kastar lys over rovdyrforvaltninga frå eit landbruksperspektiv.