Anna Håland Berget og Hilde Kjersem Kolberg har i fleire år arbeidd for å styrke og vidareutvikle velferdsordningane i landbruket, ikkje minst ordningane knytt til svangerskap og fødsel. Begge er mjølkebønder og småbarnsforeldre, og begge sit i fylkesstyret i Møre og Romsdal Bondelag.

Denne veka har NRK Møre og Romsdal vore på saka. Først i morgonsendinga på radio og sidan på kveldssendinga på TV.

Må dekke dei faktiske kostnadene
I radiosendinga fekk Anna høve til både å fortelje om utfordringane og til å leggje fram ulike forslag til korleis velferdsordningane kan bli betre.

- Først og fremst må inntekta opp, seier Anna i innslaget. Då hadde vi vore betre rusta både i møte med sjukdom og i møte med dei utfordringane som følgjer med svangerskap og fødsel. Dernest må den såkalla dagsatsen, altså tilskuddet til avløysing, opp. Slik det er i dag strekk ikkje tilskuddet til. Det dekker ikkje det faktiske behovet for avløysing. Det er også slik at lønnsinntekter frå arbeid utanfor garden blir trekt frå, slik at tilskuddet til avløysing blir endå mindre.  

Anna er også aktuell med lesarinnlegget Landbrukets kvinner vegrer seg for å få barn som i desse dagar er å finne i mange aviser.

Må prioriterast høgt
I TV-sendinga møter vi både Anna og Hilde, på Anna sin gard i Rauma, saman med stortingsrepresentant Per Vidar Kjølmoen. Han sit i næringskomitéen og er dessutan landbrukspolitisk talsperson i Arbeidarpartiet.

Velferdsordningane i landbruket har fått eit eige punkt i Hurdalsplattforma. Kjølmoen forsikrar om at temaet har prioritet både i Arbeidarpartiet og i regjeringa, men han kan likevel ikkje love ei løysing allereie i år. I samtalen speler han også ballen litt tilbake til Bondelaget. – Om Bondelaget sjølv er villige til å prioritere dette høgt i forhandlingane til våren, så blir det lettare for oss å prioritere det også.

Denne vinteren har Anna Håland Berget vore med i ei arbeidsgruppe i Norges Bondelag som har arbeidd vidare med korleis tilskuddsordningane for avløysing i samband med både sjukdom og fødsel kan styrkast. Rapporten vart lagt fram i februar og ligg til grunn for forhandlingsutvalet sitt arbeid fram mot jordbruksoppgjeret no i vår.

- At vi vart involvert i dette arbeidet ser vi som ei anerkjenning av engasjementet vårt og av det arbeidet vi allereie hadde gjort. Vi ser at både funna våre og forslaga våre har kome med i rapporten.   

Viktig for rekrutteringa
- Vi brenn for at unge bønder skal tørre å satse på å ta over gard og vere bønder, seier Hilde.  Velferdsordningane knytt til svangerskap og fødsel er viktige i så måte. Det må leggast til rette slik at det er praktisk og økonomisk muleg å kombinere gard og familie.

- Å vere bonde skal ikkje vere eit hinder for å få barn. Men slik er det til ein viss grad i dag. Det finst bønder som ønskjer seg barn - eller fleire barn - men som vegrar seg av praktiske og økonomiske årsaker.

- Mange har erfart kor avhengige dei er av at familie og nettverk stiller opp på dugnad og gjer gratisarbeid for å kompensere og få det til å gå rundt. Det kan ikkje vere rett. Og det er heller ikkje slik at alle har ein storfamilie eller andre å spele på. Sjølv har eg vore heldig og hatt det, men no vil eg kjempe for dei som ikkje har det, seier Hilde. 

Desse problemstillingane var også noko av utgangspunktet då dei to i 2020 tok initiativ til ei arbeidsgruppe i Møre og Romsdal som begynte å jobbe med dette temaet. 

Gjennom dette arbeidet fekk dei tilgang til mange bønder sine erfaringar. På denne måten fekk dei også sjå kor komplekst og komplisert regelverket er, og korleis det fungerer i praksis. I 2021 kom gruppa med ein rapport der dei oppsummerte funna sine og kom med fleire konkrete forslag til korleis velferdsordningane knytt til svangerskap og fødsel kan bli betre. Fylkesstyret i Møre og Romsdal Bondelag stilte seg bak forslaga og rapporten vart ein del av fylkeslaget sitt innspel til jordbruksforhandlingane våren 2021. 

​​​​​