Fylkesleiar Oddvar Mikkelsen overrekte vandrepremien, trekofferten, til Ørskog Bondelag ved leiar Knut Ivar Bøe og nestleiar Eli Sjåstad. Laget går vidare til konkurransen i Norges Bondelag om Årets Lokallag.

Styret i Møre og Romsdal Bondelag utnemner kvart år eit «Aktivt Lokallag». Ein prøver å sjå på aktivitetar over fleire år, sjølv om utnemninga gjeld kalenderåret. Dette for at også mindre lokale Bondelag med færre ressursar og færre medlemmer, men med stor, jamn og god aktivitet, kan nå opp i konkurransen om kåring av Aktivt lokallag.

Fylkesstyret seier i utnemninga at Ørskog Bondelag i alle år har hatt mange, gode og varierte medlems- og utadretta aktivitetar, men har ikkje fått utnemninga sidan 1992. Laget har teke mange muntlege og skrifteleg initiativ og kontaktar over fleire år.

Ørskog Bondelag har årleg kome med innspel til jordbruksforhandlingane, sendt inn høyringsuttaler i organisasjonen og hatt god deltaking på fylkeslagets samlingar. Laget har vore godt synleg i lokalmiljøet og i media i forkant av årlege jordbruksforhandlingar og i aksjonar ved brot i forhandlingane, har organisert innsamling av landbruksplast, hatt innsamling av skrapjern og utrangert landbruksreiskap gjennom «bygderydding» med mottak av skrot frå nedlagte bruk, halde årlig møte med landbrukskontoret om m.a. SMIL, landbruksplan m.m., og sendt uttaler til planarbeid og i vegsaker.

Ein fast aktivitet i lokallaget er å dele ut mold og frø til barnehagane i kommunen. Dei har også invitert skuleklasser til å ta opp poteter hos eit styremedlem i laget, og har invitert til skulelunsj for hele ungdomstrinnet m/landbruksquiz. Siste året kom laget med innspel på kandidatar både til Kulturlandskapsprisen og til kommunal pris.

Ørskog Bondelag har også engasjert seg i å få meir av det trykte materiellet i Bondelaget på nynorsk, og har kome med uttale til fylkesbondelaget om RMP-ordninga, som førte til at det vart sett i gang eit omfattande arbeid på fylkesplan med evaluering av RMP.