Det nye fylkesstyret i Møre og Romsdal Bondelag. Frå venstre: Petter Melchior, Norddal, fylkesleiar Oddvar Mikkelsen, Surnadal, Odd Bjarne Bjørdal, Ørsta, nestleiar Gunnhild Overvoll, Stranda, Vegard Smenes, Averøy og 1. vara Marte Halvorsen, Halsa. (Foto: Arild Erlien).Gunnhild Overvoll, Stranda, ble attvalt som nestleiar.

Odd Bjarne Bjørdal, Ørsta og Vegard Smenes, Averøy, kom inn som nye styremedlemmer, medan Petter Melchior, Norddal, ikkje var på val til styret i år.

Anne Katrine Jensen, Gjemnes, hadde takka nei til attval etter 11 år i styret, og Odd Helge Gangstad, Midsund, gjekk ut av styret da han vart valt til Midsund-ordførar i oktober.

Som nye varamedlemmer til fylkesstyret i Møre og Romsdal Bondelag ble valt Marte Halvorsen, Halsa, Rita Dyrnes Flatvad, Sunndal og Tore Våde, Volda.

Den nye fylkesleiaraen Oddvar Mikkelsen er 41 år, og driv med mjølkeproduksjon i samdriftsfjøs på heimgarden i Surnadal. Han var frå 2008 til 2014 leiar i Surnadal Bondelag, og har det siste året vore styremedlem i Møre og Romsdal Bondelag.

Oddvar Mikkelsen (t.v.) overtok som fylkesleiar etter Inge Martin Karlsvik. (Foto: Arild Erlien).Fylkesårsmøtet i Møre og Romsdal Bondelag vart halde på Alexandra Hotell i Molde 4. og 5. mars, og samla 75 utsendingar og gjestar. Under middagen om kvelden vart avtroppande styremedlemmer og fylkesleiar takka av. Inge Martin Karlsvik har 11 år bak seg i fylkesstyret - styremedlem frå 2005, nestleiar frå 2008 og leiar frå 2010.

Konferanse samla 190

Som ein del av fylkesårsmøtet vart det i forkant halde næringskonferanse ”Bondens trengs” på dagtid fredag for heile landbruket i Møre og Romsdal. Den samla 190 deltakarar og vart arrangert av Bondelaget, Småbrukarlaget og Fylkesmannen. Konferansier og ein av innleiarane var Gaute Grøtta Grav frå Rauma og Farmen på TV2. Andre innleiarar var styremedlem i Norges Bondelag, Arnstein Røyneberg, og styremedlem i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Oddvar Vigdenes. Bøndene Marte Halvorsen, Halsa, Eystein Opdøl, Sunndal og Magnhild Vik, Rauma, beskrev situasjonen sett frå grasrota.

Heile 190 deltakarar var samla i bankettsalen på Alexandra Hotell i Molde fredag (FOto: Arild Erlien)Korleis auker vi matproduksjonen i Møre og Romsdal vart teke opp av Rose Bergslid frå Nibio, Sverre Heggset frå Landbruk Nordvest og Christian Anton Smedshaug frå Agri Analyse. Representantar fri dei politiske partia avslutta næringskonferansen med diskusjon om korleis vi motiverer bøndene til framleis innsats og korleis vi rekrutterer ungdommen inn i næringa.

På årsmøtet i Bondelaget laurdag innleia styremedlem i Norges Bondelag, Arnstein Røyneberg, Rogaland, om aktuelle faglege- og organisasjonsmessige saker, som danna grunnlaget for ein god generaldebatt med mange innlegg og synspunkt frå utsendingane,

Noreg treng bonden

Bondelagsårsmøtet laurdag samla 75 utsendingar og gjestar (Foto: Arild Erlie).Bondelagsårsmøtet påeiker i ein uttale at Noreg treng bonden. Norsk landbruk har dyrehelse og matkvalitet i verdstoppen. Landbruk over heile landet gjev samfunnet mange fellesgode. Bønder, levande bygder, dyr på beite, seterdrift, lokalmat og verdifullt kulturlandskap gjev store ringverknader til mange næringar, mellom anna til den store turistnæringa på Vestlandet.

Kravet om effektivisering er stort. Men Noreg har ei utforming, eit kostnadsnivå og eit klima som gjer mykje av jordbruket vårt krevjande å drive. Verknaden er intensivering og sentralisering til dei beste jordbruksområda.

Årsmøtet i Møre og Romsdal Bondelag meinar at i dette biletet taper den typiske vestlandsbonden. Det blir færre bønder som driv gardane og arbeidspresset aukar. Dette kan få konsekvensar for dyrevelferd og matkvalitet. Etter kvart vert trivsel og bulyst sett på prøve.

Frå år 2000 har om lag 75 000 dekar jordbruksareal gått ut av drift i Møre og Romsdal, eit areal tilsvarande alt jordbruksareal i dei store jordbrukskommunane Fræna og Eide. Når stadig færre bønder skal drive meir effektivt, er konsekvensen at tungdriven jord og verdifulle beitelandskap går ut av drift. Dette har vi ikkje råd til.

Årsmøtet seier at jorda er den viktigaste ressursen i landbruket. Landbruket treng investeringsmidlar som gjer det råd å gjere investeringar tilpassa ressursane på garden. Dagens politikk gjer det ikkje økonomisk lønsamt å investere på det typiske vestlandsbruket.

På tross av dette trur regjeringa og stortinget at vi kan auke matproduksjonen på norske ressursar med stadig færre bønder. Som Ivar Aasen sa: «Nei, vesle vitet det rekk ikkje til».

Styremedlem i Norges Bondelag, Arnstein Røyneberg (nærast) gjesta årsmøtet i Møre og Romsdal Bondelag.