Fylkesleiar Konrad Kongshaug og styremedlem i Norges Bondelag, Bodhild Fjelltveit, overrekte vandrepremien, trekofferten, til Giske Bondelag ved leiar Ørjan Stenerud og styremedlem Kristine Blindheim. Laget går vidare til konkurransen i Norges Bondelag om Årets Lokallag.

Styret i Møre og Romsdal Bondelag utnemner kvart år eit «Aktivt Lokallag». Ein prøver å sjå på aktivitetar over fleire år, sjølv om utnemninga gjeld kalenderåret. Styret ser også på lokallag som har aukande aktivitet. Fylkesstyret seier i utnemninga at Giske Bondelag i alle år har hatt mange, gode og varierte medlems- og utadretta aktivitetar, men har ikkje fått utnemninga tidlegare

Giske Bondelag har halde fleire bondekafear, oppretta ei opa Facebookside for å gjere innbyggjarane i kommunen merksame på lokalt landbruk og lokal matproduksjon, og elles dreve aktiv formidling av lokalt landbruket og utadretta info.

Fylkesstyret i Bondelag merkar seg også at Giske Bondelag har inngått samarbeid med lokalavisa om landbruksreportasjar ein gong i månaden, deltaking på innovasjonscamp i samarbeid med ungdomsskule, gardsbesøk for 100 åttandeklassingar i prosjektet «Landbruk som næringsveg», presentasjon av lokalt landbruk for landbruksministeren, at lokallaget inviterer lokalpolitikarane til sine arrangement i laget, og at dei har delteke med aktivitetar knytta til innovasjonskonferanse i haust.