I tillegg til faglege, sosiale og praktiske aktivitetar retta mot eigne medlemer, har Årets lokallag engasjert seg i eit breitt spekter av saker lokalt. Laget aksjonerte lokalt då det vart brot i jordbruksforhandlingane og fekk god medieomtale både lokalt og regionalt. Vidare har laget kome med uttale om rullering av landbruksplan i kommunen og uttaler i ei rekke andre aktuelle saker lokalt.

Lokale bondelag har ei unik mulegheit til politisk arbeid lokalt. Lokallaga har både lokalkunnskapen og det nettverket som skal til for å arbeide godt opp mot lokale politikarar og administrasjonen i kommunen. Lesarinnlegg eller oppslag i lokalaviser får også større effekt når det er lokale folk som uttaler seg. Slik gjer lokallaga eit viktig arbeid som verken fylkesleddet eller sentralleddet i organisasjonen kan få gjort.
Dette året ville Møre og Romsdal Bondelag gi honnør til dei lokallaga som har jobba ekstra godt med denne sida av lokallagsarbeidet. Sykkylven Bondelag er eit av laga som utmerkar seg her.

Årets lokallag stilte også opp med beredskap og håndtering av media i samband med ei svært tragisk ulykke i landbruket lokalt.

Sykkylven Bondelag går no vidare til den landsdekkande konkurransen i Norges Bondelag om å bli Årets Lokallag 2021.