Fylkesleiar Oddvar Mikkelsen (t.v.) og styremedlem Odd Bjarne Bjørdal i Møre og Romsdal Bondelag har sendt innspel til revisjon av forvaltningsplan for store rovdyr i rovviltregion 6.Dette er nokre av innspela som Møre og Romsdal Bondelag har til revisjon av forvaltningsplan for store rovdyr i rovviltregion 6, som denne veka vart sendt til rovviltnemnda.

Her er brevet som vart sendt:

INNSPEL TIL REVISJON AV FORVALTNINGSPLAN FOR STORE ROVDYR, ROVVILTREGION 6

Vi viser til oppstartmelding for revisjon av forvaltningsplan for store rovdyr i region 6. Her er kommentarar / innspel frå Møre og Romsdal Bondelag:

1.Vedtatt prosess for revisjon av forvaltningsplanen

Vi vil gjerne gje ros for korleis arbeidet med revisjon er lagt opp, inkludert at det på eit så tidleg stadium blir opna for innspel. På same tid må vi minna om at  det også må gjevast rom for ein god ordinær høyringsprosess i neste omgang.

2.Bakgrunn

Vi legg til grunn at politisk vedtatte mål for forvaltning av store rovdyr står fast. Dette betyr at forvaltninga skal ha ei todelt målsetjing der det skal gjevast rom for å ha levedyktige bestandar av store rovdyr, på same tid som matproduksjon basert på utmarksbeite skal sikrast. Det siste er blitt understreka gjennom Stortingsmeldinga som seier at matproduksjon basert på norske ressursar skal aukast.

3. Mandat

Vi legg vidare til grunn at rovviltnemnda sitt mandat handlar om iverksetjing og praktisering av overordna politiske vedtak. Handlingsplanen skal visa kva verktøykasse rovviltnemnda har til disposisjon for sitt arbeid og korleis nemnda vil bruka denne.

Trass i at bakgrunnen for nemnda sitt arbeid er knytt til ei todelt målsetjing, er nemnda sitt mandat kun knytt opp mot forvaltning av rovdyra og ikkje mot forvaltning av andre utmarksbaserte ressursar, t.d. forvaltning av kulturlandskap. Dette ser vi som ei stor og overordna utfordring som også rovviltnemndene bør ta tak i.

4. Innhaldet i forvaltningsplanen

Planen si primære oppgåve må vera å visa kva rammer nemnda har å arbeide innafor, kva verkemidlar nemnda har til disposisjon og korleis nemnda vil bruka desse. Vi meiner at planen i tydelegare grad og på ein meir forklarande måte må kunne visa kva verkemidlar nemnda har til disposisjon og korleis nemnda vil bruka desse. Dette vil i seg sjølv kunne vera eit konfliktdempande tiltak.

5.Verknader av vedtak i nemnda

Med bakgrunn i at nemnda baserer arbeidet sitt på ei todelt målsetjing bør det i tilknytning til saksframlegg når nemnda skal gjera vedtak også framgå kva verknader vedtak i nemnda vil kunne få for utmarks-/beitenæring.

Møre og Romsdal Bondelag meiner yngleområdet for gaupe i Møre og Romsdal må ikkje utvidast.6. Sonebasert forvaltning

Ut frå at forvaltninga skal ha ei todelt målsetjing, og med utgangspunkt i dei verkemidlar som er stilt til disposisjon for forvaltninga, er sonebasert forvaltning pr i dag truleg det beste. Det ligg imidlertid mange utfordringar i praktisering av soneforvaltning:

a) Store rovdyr har gjerne store, uforutsigbare leveområde som ikkje er tilpassa vårt behov for planmessig forvaltning og regulering.

b) Beitedyr er ofte ein viktig del av næringsgrunnlaget for rovdyra: Der det er konsentrasjon av beitedyr er det ofte konsentrasjon av rovdyr.

c) Jakt på jerv har pr i dag liten effekt med dei begrensningar som i dag blir gitt for jaktutøving, m.v.Med utgangspunkt i at dette er eit klart hinder for effektiv forvaltning, bør rovviltnemndene arbeida for å leggja til rette for ei meir effektiv jaktutøving. Vi vil difor foreslå at det som ei forsøksordning i eit definert område blir arbeida grundig med utvikling av dyktige jaktlag som får daggodgjering med t.d. FKT-midlar og løyve til bruk av motorisert inntransport av folk til aktuelle jaktområde. Dette skal brukast som supplement til ordinær lisensjakt på jerv der mål om uttak ikkje blir nådd. Jaktlaga kan vera dei same som skadefellingslaga, men evt med anna finansiering. Godgjerdsla må aukast slik at folk har råd til å ta seg fri frå ordinært arbeid. SNO kan vera med på dette, også for å bidra til å unngå å måtte foreta hiuttak.

d) Prioriterte beiteområder skal ha lav terskel for raskt uttak av beitedyr som gjer skade. Det bør arbeidast kontinuerleg for å sikra at dette i praksis skjer.

e) Det må klargjerast at det i prioriterte yngleområder kan fellast rovdyr når alle forvaltningsmål er nådd, det er ledig kvote og markant tap av beitedyr er påvist. Vi meiner at det også i prioriterte yngleområder må vera rom for felling av rovdyr som gjer akutt skade, sjølv om kvote/vilkår ikkje er oppfylt.

I prioriterte yngleområder skal det vera lett tilgang til midlar for å redusera tap. Her må det også vera tilgjengeleg midlar til omstilling. Ein slik eventuell prosess vil vera lang og krev grundig arbeid.

f) I forvaltninga må det takast omsyn til at det kan vera innvandring frå aust.

g) Det må klargjerast kva som skal vera med når ein bestand skal teljast.

h) Det må vera rom for meir samordna forvaltning i grenseområda mellom regionane.

i) Yngleområdet for gaupe i Møre og Romsdal må ikkje utvidast. Det bør vera aktuelt å ta Tingvoll ut som yngleområde.

j) Nasjonalt viktige kulturlandskap bør ikkje inngå som prioritert yngleområde for rovdyr.

k) Jakt på rovdyr bør i større grad kunne samordnast med jakt på hjort og villrein.

7. Byrdefordelingsprinsippet

a) Det er behov for klargjering av begrepet.

b) Det bør ikkje vera yngleområde for store rovdyr der det er store mengder beitedyr.

c) Det må vurderast om det er rett at eit område kan vera prioritert beiteområde på same tid som det er yngleområde for gaupe.

8. Forebyggjande og konfliktdempande tiltak

a) Det må framleis arbeidast for at tilsyn i ulike former skal vera eit sentralt og viktig tiltak.

b) Det må framleis arbeidast for utvikling og bruk av gode elektroniske løysingar for overvaking og sporing av beitedyr.

c) Vi foreslår eit prosjekt for elektronisk merking og sporing / overvaking av rovdyr som redskap for forvaltninga. Dette må gjerne gjennomførast i eit område som har «Vestlandstopografi» som gjer det vanskeleg med gjennomføring av andre forvaltningstiltak.

d) Vi meiner at tidleg nedsanking kun skal brukast i ekstraordinære situasjonar. Vi viser også til tidlegare brev om tidlegsanking.

e) Det kan gjerne satsast meir på å utvikla gode skadefellingslag. Skadefellingslag må gjevast vidare/større fullmakter enn dei vanlegvis har i dag. Sjå pkt 6c.

Med helsing Møre og Romsdal Bondelag

Oddvar Mikkelsen (fylkesleiar)   Odd Bjarne Bjørdal (styremedlem)