Frå fylkesårsmøtet i Møre og Romsdal Bondelag i Molde 9. mars (Foto: Arild Erlien)I si tale til fylkesårsmøtet var Oddvar Mikkelsen oppteken av at politiske avgjerder blir teke på bakgrunn av bestilte forskingsrapportar, der det ofte er lagt til grunn forutsetningar som slett ikkje verkar rimelege for dei som blir berørte av vedtaka.

- Forskrifter om gjødsling, dyrehald og så vidare som er forfatta av folk som har lese ein rapport og der korkje forskaren bak rapporten eller forfattaren av forskrifta har spreidd eit møkkalass eller handtert ein okse som skal ut eller sett ei myr der 30 kyr har gått i åtte veker, sa Oddvar Mikkelsen, som på årsmøtet i Møre og Romsdal Bondelag i Molde 9. mars gjekk av etter tre år som fylkesleiar.

Oddvar Mikkelsen har 4 år bak seg i fylkesstyret, og vart behørig takka av for det gode arbeidet og store innsatsen har han lagt ned for Bondelaget gjennom mange år. Han har 10 år vore tillitsvald i Bondelaget. Først seks år som leiar i Surnadal Bondelag, i 2015 kom han inn i fylkesstyret og fylkesleiar frå 2016.

Her er hans tale til fylkesårsmøtet:

Eg har vore fylkesleiar i tre år og tillitsvalt i Bondelaget samanhengande i 10 år. Eg har brukt tid og krefter på å kjempe for ei næring eg trur på, ei næring som ikkje er i solnedgang, men som er gulltønna i enden av regnbogen. Fornybare ressursar i jord, skog og vatn er sjølvsagt ikkje hverken gamaldags eller klimaskadeleg. Tvert imot er det dette som er svaret på verdas utfordringar. Bioøkonomi og grønt skifte er fine ord som blir fylt med ulikt innhald etter kven som seier orda. Vi må syte for å ta definisjonsmakt og fortelje verda omkring oss at det er vi som er bioøkonomi. Det er vi som er dei viktige kunnskapsberarane i det grøne skiftet. Det er vi som lever av å forvalte fotosyntesen, den viktigaste kjemiske reaksjonen i verda og i historia. Eg som kallar meg bonde kunne like gjerne kalle meg fotosynteseforvaltar og ressursentusiast. Kanskje ville andre ha større respekt for yrkesvalet mitt da.

Sjølvsikre globalistar

Frå fylkesårsmøtet i Møre og Romsdal Bondelag i Molde 9. mars (Foto: Arild Erlien)Eg har og møtt mykje kunnskapsmangel og mangel på forståing hos andre eg har hatt til oppgåve å forhalde meg til. Nokre av desse var til stades på scena under debatten i går. Som bonde er det til tider smertefullt å bevege seg inn i diverse sosiale media. Det er mykje negativ omtale av bønder, måten vi steller dyra våre på og den smule støy, støv og lukt vi skapar gjennom arbeidet vårt i nærleiken av kravstore sjølvrealiserande tettstadsbebuarar som får kvila si eller grillfesten sin uroa av ein hardtarbeidande stakkar. Litt for rike, litt for sjølvsikre globalistar går av og til litt for langt i å fortelje andre korleis vi bør leve liva våre. Eit jordnært liv med eit kosthald basert på norske råvarer er tydelegvis med på å skade framtida for heile kloden. Dette kan nokre reise verda rundt i privatfly for å fortelje oss om og tene til livsopphaldet med dette.

Verkelegheitsfjerne

På tysdag var eg på næringslivsdag i Surnadal. Der fortalte Julie Brodtkorb om korleis ho etter 16 år i politikken hamna i maskinentrepenørenes forening og lærte korleis verkelegheitsfjerne politikarar og byråkratar både i store bedrifter og i departement og direktorat greidde å gjere livet og kvardagen vanskeleg for små og mellomstore bedrifter med til dømes krav om å ha med eit heilt lass med kjettingar i førarhuset på hjullastaren i tilfelle det skulle kome brått på føraren at det blir glatt og om Statnetts krav til morgonmøte og skjemadokumentasjon for den eine gravemaskinføraren som jobba åleine nokre vekers arbeid foran dei som kom etter for å sette opp master. Den same avstanden frå våre praktiske liv som praktiske bønder opplever vi alt for ofte i ulike samanhengar.

Symbolpolitikk i klimaets ånd

Symbolpolitikk i klimaets ånd er et eksempel. Forbud mot nettopp vår bruk av myr, mens alle andre former for bruk av myr ikke forbys. Forslag om klimaavgift på drøvtygging, ein naturleg biologisk prosess som har funnest på jorda i millionar av år, men no dei siste åra skal ha utvikla seg til eit klimaproblem. Skal tru om gnuane på savannen i Afrika er klare over at dei er med på å øydeleggje leveområda til isbjørnen på Grønland? Forbod mot hold av pelsdyr fordi nokon opplever det som ubehageleg for dyra, samtidig som det er tillate å avle fram pustevanskar og hofteproblem på hunderasar og halde små hundar innandørs i ei veske i byleilighet.

Forskrifter om gjødsling, dyrehald og så vidare som er forfatta av folk som har lese ein rapport og der korkje forskaren bak rapporten eller forfattaren av forskrifta har spreidd eit møkkalass eller handtert ein okse som skal ut eller sett ei myr der 30 kyr har gått i åtte veker.

Politiske avgjerder blir teke på bakgrunn av bestilte forskingsrapportar, der det ofte er lagt til grunn forutsetningar som slett ikkje verkar rimelege for dei som blir berørte av vedtaka. For eksempel er det noko underleg at 64 kommunar sender høyringssvar med protest mot eit myrdyrkingsforbod som berre 12 kommunar blir berørt av ifølge den rapporten som kallast kunnskapsgrunnlaget for forbodsforslaget.

Hyggeleg lesnad

Frå fylkesårsmøtet i Møre og Romsdal Bondelag i Molde 9. mars. Foran nestleiar i Norges Bondelag, Frøydis Haugen (Foto: Arild Erlien)Det får vere nok negativt om verda omkring oss. Eg vil trekkje fram noko av det eg tykkjer vi har fått til dei åra eg har vore med i fylkesstyret:

Vi har samarbeidd godt med dei andre Vestlandsfylka og Troms om endring av tilskotssystem slik at det i større grad tilgodeser dei produksjonane og dei bruksstorleikane vi har i våre områder.

Det har vi fått til fordi vi har greidd å synleggjere negative utviklingstrekk i arealbruk, dyretal, antal bønder og inntektsutvikling i våre fylke samanlikna med andre fylke, og lagt fram gode og konkrete forslag til tiltak som kan betre utviklinga. Det har vore arbeidd godt med dette i fleire år før dette, men Vestlandsrapporten frå Agri Analyse har vore til god hjelp. Jon Georg Dale har og etterkvart vore til god hjelp anten de likar å høyre det eller ei. Dei to siste jordbruksoppgjera har vore ganske hyggeleg lesnad for mange av oss i denne salen. Samstundes kan vi i ettertid innrømme at i oppgjeret i 2015 skulle vi kanskje ha teke eit brot. Åra frå 2015 har eigentleg dreid seg om å bøte på det som gjekk for langt i 2014 i Listhaugs første oppgjer.

Landbruksmelding rive i småbitar

Frå fylkesårsmøtet i Møre og Romsdal Bondelag i Molde 9. mars (Foto: Arild Erlien)Vi har bidrege til å skape eit stortingsfleirtal for ein landbrukspolitikk vi kan leve godt med. Dales første framlegg til landbruksmelding vart i praksis rive i småbitar av fleirtalet i næringskomiteen med god hjelp frå landbrukets tillitsvalde. Den gode kontakten vi har hatt med Pål Farstad (V) og Steinar Reiten (KrF) som begge har vore svært sentrale personar i dette har heilt klart vore viktig for desse resultata. Stortinget har to gonger gjort korrigeringar på statens tilbod ved brot i jordbruksforhandlingane. Dette er ganske uvanleg, men godt politisk arbeid frå landbruket og eit stortingsfleirtal som har støtta oss mot ei mindretalsregjering har gjort at vi har fått dette til.

Vere offensive i klimaarbeidet

Framover blir det svært viktig å vise at vi er offensive i klimaarbeidet. Vi må både vise at vi gjer tiltak for å redusere våre bidrag til klimagassutslepp og vi må tilpasse driftsmåtane våre til dei klimaendringane vi uansett vil få.

Vi må vise at vi tek forbrukarane på alvor når det gjeld dyrevelferd. Ja, vi skal argumentere godt fagleg for det vi meiner er godt nok og vi skal prøve å ta tilbake noko av definisjonsmakta. Men vi er heilt avhengige som produsentar av å ha ein kjøpevillig marknad, og for oss som i all hovudsak driv husdyrproduksjon er klima og dyrevelferd to av dei viktigaste argumenta til dei som vel å kjøpe mindre av våre produkt.

Må finne dei snartenkte rappkjefta

Landbruket har ikkje mange nok og dyktige nok kommunikatorar og influensarar som når fram til mange nok med bodskapen som sel det norske jordbruket inn til folk flest. Vi må lære våre tillitsvalde og våre tilsette betre kommunikasjonsevner. Vi må bringe inn dei gode talenta til å representere oss med gode forståelege bodskap og vi må finne dei snartenkte rappkjefta som kan greie seg i ein debatt med økonomiske liberalistar eller urbane miljøforkjemparar med hang til veganske sko og klede av kunstfiber. Vi må og bygge alliansar med andre som kan tale vår sak. Folk utanfor våre eigne rekkjer som når ei større medieflate og har større påverknadskraft.

Kampen om kanaliseringspolitikken, korn og kraftforpris, terrorbalansen i jordbruket som det blir kalla. Det er heilt avgjerande for framtida vår i jordbruket at bøndene i kornområda tykkjer det er økonomisk meir interessant å drive kornproduksjon enn grasbasert husdyrhald. Hvis ikkje tek dei over kjøtproduksjonen. Det er ikkje slik at det er noko som kan kallast gode kornområde medan dei gode grasområda ligg andre stader. Det er gode landbruksområde og mindre gode landbruksområde. Vi høyrer til den siste kategorien. Vi har ikkje så mange valmulegheiter. Vi må derfor ikkje berre kreve auka støtte til husdyrproduksjonar i bakkane på Vestlandet, men og støtte austlandsbøndene i deira ønske om betre kornøkonomi. Dei kan utkonkurrere oss i produksjon av godt grovfôr når som helst på same måte som bonden i Skåne kan utkonkurrere bonden på Hedmarken. Da må vi også finne oss i at vi både må bli dyktigare agronomar som treffer enda betre på graskvaliteten og vi må tole å betale meir for kraftfôret.

Lokallagsarbeidet

Eg vil og seie litt om lokallagsarbeidet. Vi ser at det blir arbeidd godt i mange lokallag. Nokre er flinke på sosiale aktivitetar, nokre er betre på fagmøte. Nokre driv med metallinnsamling, andre arbeider godt med hjorteproblem. Alle må finne dei sakene som er viktige i deira bygd og som engasjerer medlemmane dykkar. Alle medlemmar i Bondelaget fortener, og har krav på, at lokallaget deira tilbyr dei noko å delta på og som gjev dei noko valuta for medlemskontingenten i løpet av året. Det kan vere ein pizzakveld i oktober, ein grillkveld etter slåttonna, ein busstur til ei landbruksmesse, ein fagkveld om innspel til jordbruksforhandlingane. Bondelaga kan godt samarbeide med andre landbruksorganisasjonar som mjølkeprodusentlag eller Landbruk Nordvest om aktuelle fagtema.

To oppgåver kan bli betre på

Eg vil likevel trekke fram to oppgåver som dei aller fleste lokallagsstyra kan bli betre til. Vi må bli meir aktive til å verve nye medlemmar. Først og fremst med eit besøk til alle som tek over ein gard, men det er og alt for mange som har vore bønder i fleire år som ikkje er medlemmar hos oss eller i småbrukarlaget. Alle lokallag bør ha dette som prioritert oppgåve.

Det andre er å syte for god kontakt med kommunen. Både landbrukskontoret, men og rådmann og politikarar. I dei fleste av kommunane i fylket er jordbruket samla ein stor arbeidsplass og ein stor skatteytar. Samstundes blir jordbruket ofte påverka av mange av dei vedtaka kommunen gjer.

Møte politikarane

Bondelaget skal ha markert seg såpass i alle kommunar at vi blir inviterte med i alle arealplanprosessar. Om vi ikkje blir invitert skal vi følgje såpass med at vi inviterer oss sjølv. Minst ein gong i kvar kommunevalperiode bør vi ha vore innom anten kommunestyret, formannskapet eller det utvalet som behandlar arealsaker og andre jordbruksrelaterte saker. Helst alle desse og oftare enn ein gong kvart fjerde år. Vi bør sørge for at vi har minst eit årleg eller halvårleg møte med kommunen for å drøfte regelverk for SMIL midlar og andre pengepottar som kommunen tildeler midlar frå. I desse møta kan vi og diskutere andre saker som beitebruksplaner, hjorteforvaltning og rovviltforvaltning. Kommunen er ein viktig alliert i alle desse sakene og vi må på førehand ha overbevist politikarar og administrasjon om at det er viktig for kommunen å stå på vår side.

Dersom ingen i lokallagsstyret sit i kommunestyret så må vi alliere oss med ein folkevald som varslar når det kjem opp saker som Bondelaget bør meine noko om.

Det har mellom anna vore ein del eksempel i fylkets største landbrukskommune Fræna som har vist at politikarane der ikkje har prioritert landbruket høgt nok. Det er både rett og lett å kritisere politikarar og administrasjon i kommunen for dette, men vi må ta noko av skulda sjølve også for at vi ikkje har markert næringas betydning godt nok og krevd vår plass tydeleg nok.

Etter mitt innlegg i dag får vi tre korte innlegg frå lokallag som på kvar sine område har gjort ein god innsats og som kan vere til inspirasjon for fleire.

Styrke kanaliseringspolitikken

I årets uttale til jordbruksforhandlingane går vi nok ein gong tydeleg inn for å styrke kanaliseringspolitikken og produksjonsfordelinga. Vi meiner at det fortsatt er krevjande marknader for alle husdyrprodukt og at det ikkje er rett å tilrå vesentlege prisauker på husdyrprodukta. Vi krev difor budsjettmidlar til husdyra og tilrår prisauke på korn. Vi meiner vi som driv med drøvtyggarar må tåle noko kraftfôrprisauke. Vi vil styrke beitetilskota og driftstilskota på mjølk og ammekyr. Vi tek til orde for å innføre det nye pyramidetilskotet også på ammekyr, og vi foreslår eit eige tilskot til dei reine framforingsbesetningane som har hamna mellom alle stolar dei siste åra.

Vi ber om at det blir vurdert å gå bort frå normavling i grasproduksjonen i avlingsskadeordninga.

Også i år peikar vi tydeleg på behovet for å gjere noko med velferdsordningane. Spesielt vil vi ha betre ordningar til fødselspermisjon og fødselspengar. Vi går også inn for auka tilskot til ferie og fritidsavløysing.

Innspelsdokumentet er styrets dokument og skal ikkje vedtakast i årsmøtet, men styret har tid til å gjere justeringar dersom det i årsmøtedebatten kjem opp gode forslag.

I løpet av desse åra i Bondelaget har eg møtt så mange dyktige, engasjerte og trivelege folk. Folk som brenn for garden sin, produksjonen sin, dyra sine og fargen på traktoren sin. Folk i heimkommunen, i Møre og Romsdal og frå heile landet. Det har vore krevjande, lærerikt og utruleg givande. Både i lokallag og fylkeslag ser vi at det kan vere vanskeleg å få folk til å ta på seg verv. Får de spørsmål om å ta verv som tillitsvalde for bøndene, så sei for all del ja dersom de i det heile tatt ser muligheit for å greie det i kombinasjon med gardsdrift og familieansvar. Sjå på det som ei ære å bli spurt. Om du får eit verv, tenk da godt over kva som er oppdraget ditt. Som tillitsvald er du talsperson for dei som har valt deg. Dersom du har ambisjonar i form av nye verv og opprykk kan det vere vel og bra, men dersom det gjer at du blir forsiktig og anonym for å ikkje provosere nokon er du kanskje på feil kurs.

Skal tole sterk intern debatt

Ambisjonane som tillitsvald skal helst vere på vegne av dei som har valt deg, ikkje på vegne av deg sjølv. Eg har hatt som eit motto for meg sjølv dei siste åra at eg har ikkje verv i Bondelaget for å vere einig med Per Skorge. Derimot bør eg vere einig med dei fleste medlemmane i Møre og Romsdal Bondelag. Det meiner eg er ein god inngang til det å ha eit tillitsverv. Sei tydeleg frå oppover, ta vare på interessene til dei som har gitt deg tillit og ver lojal utad når eit fleirtal i organisasjonen har teke ei beslutning. Ein god organisasjon skal tole sterk intern debatt, og Bondelaget er ein organisasjon med stort sprik i interesser og behov i medlemsmassen. Det er godt gjort å klare å halde landbruket så samla som vi har gjort dei siste åra når regjeringa har gitt oss så mange gode grunnar til å opptre splitta.

Takk for dei åra eg har fått lov til å representere landbruket i Møre og Romsdal, eg håpar vi får ein god og variert debatt utover dagen, og eg ønsker lykke til med valet som skal gjerast til slutt idag.