Leiarartikkelen i Sunnmørsposten 8. april kan du lese i PDF ved å trykke på avissida til høgre.

Oddvar Mikkelsen sitt innlegg står på trykk i Sunnmørsposten 18. april, og har slik ordlyd:

Vestlandet er ikkje skapt for Dales landbrukspolitikk!

I leiarartikkelen i Sunnmørsposten laurdag 8. april får minister Jon Georg Dale honnør for positiv utvikling i landbruket. Dels tek Dale æra sjølv, og dels er det leiarskribenten som gjev han æra. Kvifor støttar ikkje Sunnmørsposten ein politikk som er til gagn for næringslivet i eigen region?

Det er rett at statistikk syner at mykje har vore positivt i landbruket dei siste tre-fire åra. Dette har fleire årsakar, og rett skal vere rett: Store bruk innan fleire produksjonstypar har fått betre økonomi på grunn av regjeringa sin politikk med å heve kvote- og konsesjonsgrenser og heve grenser for tilskotsutbetaling. Dette er gledeleg for dei det gjeld, men i Sunnmørspostens nedslagsfelt gjeld dette svært få! Det er så ei lang rekkje årsakar som forklarar resten av inntektsveksten og produksjonsauken i landbruket. Det har i fleire av desse åra vore «godt og lagleg ver» som presten bruka be om frå preikestolen i gamle dagar. Det har gjeve både store avlingar og god kvalitet. Det er ikkje Dale si forteneste. Det har vore svært gode driftsresultat i bøndenes eigne salgsbedrifter, Nortura, Felleskjøpet og spesielt i Tine. Dette er det dyktige leiarar og tilsette og gode produkt frå bøndene som har æra for, ikkje Dale. Det har også vore rekordlåg rente som gjer at bøndene får betre tal på botnlinja. Heller ikkje dette kan Dale få lov til å ta æra for.

Når ein går nærare inn i statistikken ser ein vidare at ein del av dette har svikta siste året og at inntektsutviklinga blir dårlegare for 2016 enn det ein trudde når jordbruksavtalen vart underskriven sist vår. Dette vil fortsette inn i første halvår og er årsaka av høgare kostnadsvekst og dårlegare avlingar enn føresett sommaren 2016.

Ein vil vidare sjå ein tydeleg og negativ trend for Vestlandet. Desse fylka er ikkje med på inntekts- og produksjonsveksten. Landbruket i Dales eige heimdistrikt passar ikkje inn i den modellen han teiknar opp. Dette blir kamuflert når ein ser på tal for landet samla sett, men utviklinga er eintydig over fleire år, og de tala som vart presentert fredag viser at avstanden  mellom vestlandsbonden og bønder i resten av landet er på 35000 kr pr årsverk. Dette har auka dei siste åra. Vestlandsnaturen er ikkje tilrettelagt for den type stordrift som Dale stimulerer med sin politikk.

Det er bra at Dale vil legge til rette for auka bruk av utmarksbeite som vi har mykje av, men når han vil gjere det med å svekke bruken av beiter utanfor fjøsveggen som mjølkekyrne nødvendigvis må bruke så blir det bomskot her også.

Stortingsfleirtalet med V og Krf på lag med regjeringsparti står ansvarlege for den utviklinga vi ser. I Handsaminga av meldinga har støttepartia, spesielt Krf teke konsekvensen av at dei gikk vel langt etter brotet i forhandlingane i 2014, og korrigerer kursen betydeleg. Dette er sjølvsagt ei solid spark bak til Dale, men som god gamaldags Sunnmøring framstår han som om han greier seg godt med lite.

Så kjem han kraftig tilbake med å presentere avtale med EU i artikkel 19 forhandlingane som opnar for tollfri import av 1200 tonn meir ost. Det tilsvarar produksjonen på 69 gjennomsnittlege mjølkebruk, nærare 100 bruk i den storleiken som er vanleg i Sunnmørspostens lesardistrikt.

Det gjenstår også å sjå kor mykje skade for distriktslandbruket som kan kome av forslaget om å redusere talet på kvoteregionar frå 18 til 14. Det er lagt opp til at dei nye grensene skal teiknast i løpet av kort tid i jordbruksforhandlingane. Det er alt for kort tid på eit så viktig og komplisert spørsmål. Fleirtalet i næringskomiteen fortener sterk kritikk for å støtte Dale i dette.

Sunnmørsposten har fleire gonger synt at avisa støttar ein landbrukspolitikk som har størst negativ verknad nettopp i Sunnmørspostens nedslagsområde. Kvifor støttar ikkje Sunnmørsposten ein politikk som er til gagn for næringslivet i eigen region?

Eg utfordrar med dette Sunnmørspostens redaktør til å halde eit innlegg om landbrukspolitikk under arrangementet levande landbruk i Molde i 6. og 7. november.

Oddvar Mikkelsen, Leiar Møre og Romsdal Bondelag