Velkommen til jorddag på Gjermundnes 6.desember!

I høve Verdas Jorddag inviterer Jordvern Møre og Romsdal til konferanse på Gjermundnes vidaregåande skule måndag 6.desember. Her vert det sett fokus på våre eigne jordvernutfordringar.
10.30: Registrering, kaffe, rundstykker/matpause
11.00: Opning v/Kolbjørn Gaustad
11.15: Utfordringar i arbeidet med jordvern v/Landbruksdirektør Frank Madsøy og seniorrådgjevar Gunvor Ytterstad, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
12.15: Jordlov, driveplikt og andre forhold knytt til det å eiga og leiga dyrka og dyrkbar jord.
– Erfaringar og tankar frå Midsund. v/Nils Sanden, pensjonert jordbrukssjef, landbrukstakstmann, leiar i Midsund Bondelag og drivar av eit lite sauebruk på Midøya.
13.00: Lunsj/matpause
14.00: Status for Gjermundnes vidaregåande skule og planar for ny driftsbygning
v/Aadne Haarr, rektor
14.10: Korleis kan kommunane sikra at matjorda blir tatt betre vare på?
v/Konrad Kongshaug, leiar Møre og Romsdal Bondelag
14.30: Jordvern - sikring av matproduksjon eller hinder for næringsutvikling?
Innlegg, orientering og diskusjon. v/ordførarar og andre deltakarar frå kommunane i Romsdal.
15.45: Avslutning
Målgruppe: Politikarar, forvaltning og administrasjon i kommunane, bønder, grunneigarar og andre interesserte.
Arrangør: Jordvern Møre og Romsdal i samarbeid Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Møre og Roms-dal Bondelag, Møre og Romsdal Bonde- og småbrukarlag.
Møteleiar: Kolbjørn Gaustad, leiar Jordvern Møre og Romsdal
Deltakaravgift: Gratis for medlemar i Jordvern Møre og Romsdal. For andre: Ordinær deltakaravgift kr 300,- inkl servering.
Påmelding innan fredag 3.desember på tlf 90 95 47 87 eller moreogromsdal@jordvern.no