Olav Håkon tok over som leiar sommaren 2023, da sittande leiar Konrad Kongshaug blei vald inn i sentralstyret. Valnemnda er glad for at han ønskjer å halde fram i vervet.

– Vi er glade for at dei fleste i styret har ønskt attval. Vi meiner at styret fungerer godt og gjer ein solid jobb for landbruket i Møre og Romsdal. Vi vil òg takke Audun Skjervøy, som ikkje ynskja attval, for innsatsen gjennom mange år, seier leiar i valnemnda, Roger Håseth.

– Vi har fått ei god samansetting i fylkesstyret, både med tanke på geografi, bakgrunn og driftsformer, avsluttar han.

– Eg er glad for tilliten frå valnemnda. Det er godt å høyre at dei meiner styret gjer ein god jobb i fellesskap. Eg er motivert for vidare innsats, for det er framleis mange oppgåver å løyse, og mykje står på spel både i fylket og for norsk matproduksjon, seier Olav Håkon Ulfsnes.

Takk for innsatsen til langvarig styremedlem

Audun Skjervøy har sete i fylkesstyret i fem år til saman, i tillegg til fleire år som tillitsvald i Grøntutvalet for Vestlandet og som vara til fylkesstyret. Første perioden sat han frå 2010 til 2011, før han gjekk inn i ein ny periode frå 2022 til 2026. No meinte han det var tid for å la nye bønder få moglegheita til å ta på seg verv i fylkesstyret.

– Bondelagsarbeidet har vore gjevande og inspirerande. Og ikkje minst er det viktig at vi som dyrkar jorda og steller dyra i fjøset engasjerer oss for næringa og fellesskapen vår. Norsk landbruk er mangfaldig, og somme tider står interesser innan næringa mot kvarandre. Men dersom vi kjem med gode argument og ikkje gir oss etter første diskusjon eller første nederlag, er det mogleg å nå gjennom og vinne fram. Det må vere drivkrafta for alle i Møre og Romsdal Bondelag som er med og kjempar for det mangfaldige landbruket i fylket vårt, seier Skjervøy.

– Eg kjem aller mest til å sakne det gode fellesskapet og dei givande diskusjonane vi har hatt i styret gjennom åra eg har vore med. For ein flott gjeng som legg ned mykje tid og krefter for bøndene i fylket, svarar han på spørsmål om kva han kjem til å sakne mest.

Som nytt styremedlem foreslår valnemnda Marius Dahle Klever, som allereie har erfaring som lokallagsleiar i Rauma og som første vara til fylkesstyret.

– Eg takkar for tilliten frå valnemnda, og håper sjølvsagt at årsmøtet òg ønskjer å gje meg tillit til plassen i fylkesstyret. Eg gler meg til å halde fram arbeidet for landbruket i Møre og Romsdal.

Årsmøtet blir halde 27. og 28. februar, og valnemnda si innstilling til nytt styre er:

  • Leiar, 1 år: Olav Håkon Ulfsnes
  • Nestleiar, 1 år: Kjersti Fløystad Ellingsgård
  • Styremedlem, 2 år: Kristin Gilje Sandnes
  • Styremedlem, 2 år: Marius Dahle Klever
  • Lars Olav Vanberg blei valt for 2 år i 2025 og er ikkje på val.