Landbrukskontoret i Ørsta har tidlegare sendt ut informasjon om møtet. Tema for møtet blir m.a. kjensler knytt til å selje slektsgard, matvaresituasjonen her i landet og i verda. Det blir innlegg frå ein som sterkt vurderer å selje garden og frå ein som har kjøpt gard på den opne marknaden.

Målet med møtet er å gje merksemd til dette med kva som skjer med gardane når noverande eigar/brukar når pensjonsalder. Mange gardbrukarar nærmar seg eller har nådd pensjonsalder, og det er ikkje slik at neste generasjon alltid står klar til å ta over. Kva skal skje med garden? Finst det kjøparar å selje til? Kva haldningar har ein til det å selje garden ut av slekta?

Det er mange i same båt, og vi ønsker å bringe desse saman og skape ein arena for diskusjon rundt eit tema som mange oppfatter som følsomt.

Program:

10.00 – 10.15  Kaffi, litt å bite i

10.15 – 10.20  Innleiing

10.20 – 11.00  Det handlar om følelsar. Om bondeyrket, om tradisjonar, om følelsar til slektsgard m.v.

11.00 – 11.30  Mattryggleik. Folketalsvekst, matproduksjon, handel. Nasjonale og globale trendar.

11.30 – 12.15  Lunsj

12.15 – 12.35  Innlegg frå ein som har selt garden ut av slekta, eller har bestemt seg for å gjere det. Kor vanskeleg er det, og kva prosessar må ein gjennom i høve både seg sjølv og familien.

12.35 – 12.55  Innlegg frå ein som har kjøpt ein gard på den opne marknaden (evt. som har leitt lenge). Kvifor ville bli bonde? Kor vanskeleg er det å finne gard til sals?

12.55 – 13.05  Pause

13.05 – 13.15  Tilbod frå prosjektet ”Fortsatt gardsdrift”

13.15 – 13.30  Innlegg frå kommunen

13.30 – 13.45  Innlegg frå lokalt bondelag

13.45 – 14.00  Oppsummering

Det er inga påmelding – berre å møte opp.

Link til info på Landbrukskontoret si heimeside - KLIKK HER